ENG
ubb-kk-ndx-0116_md

Vossevangen med Vangskyrkja fotografert mellom 1865 og 1882. I 1732 lå soknepresten i strid med ein nabo på Lekve. Foto: Knud Knudsen, utlån: Billedsamlingen, UiB

Tingbøkene og tingbokavskrifter

Tingbøkene er ei av dei eldste og mest innhaldsrike arkivseriane som finst i Arkivverket. I tillegg til å gje eit gløtt inn i rettsvesenet på Voss i 1732 der sokneprest Harboe var hamna i krangel med naboen, fortel denne artikkelen meir om tingbøker og om det arbeidet ein einskild privatperson har gjort for å gjera tingbøker frå Hordaland meir tilgjengelege for bruk.

Måndag 25. august 1732 sette konstituert sorenskrivar Jacob Preus rett på Lekve på Voss. Løytnant Jens Nordahl var eigar av garden og hadde reist sak mot Prestegarden og sokneprest Jørgen Harboe. Dei var usamde om mykje, ein fiskehøl, bruken av ein støl, og om nokre stykke åker og eng. Mange var innkalla til å møte på tinget. Futen Andreas Jessen og lensmannen Viking Tvilde var møtt fram, og det same var dei som hadde gjort teneste som lagrettemenn i ei tidlegare sak mellom partane. Biørne Mathiasen Mølster, 80 år gammal, Knud Nyhre, Gullik Giøsten på 82, Siur Weche, Torgiis Ullestad og Torsten Olsen Opheim var innkalla som vitner, og dei gav svar på mange spørsmål. For eit par av vitnemåla dekker spørsmål og svar meir enn ei side i boka.

Partane hadde vore i tvist lenge og til tider hadde det gått hardt føre seg.  I 1730 hadde løytnanten sine menn rive ned eit stølshus for presten. Saka gjekk over mange dagar og retten måtte ut i terrenget for å ta i augesyn noko av det som det var tvist om. Sorenskrivaren skreiv side etter side i tingboka for å dokumentere det som kom fram, før han og lagrettemennene kunne sette seg ned for å komme med ei avgjerd. Resultatet i denne saka hadde soknepresten størst grunn til å glede seg over, og løytnanten måtte betale 27 riksdalarar til skrivar og dei innkalte i reisepengar og diett. Med det kunne sorenskrivaren avslutte føringa av denne saka i tingboka, og gå laus på den neste.

Tingbøkene er mellom dei eldste kjelderekkene vi har i arkiva og dei er særs innhaldsrike og varierte. Der kan vi vente å finne referat av forhandlingane på tinget med opplisting av alle kunngjeringane og tinglysingane, og ofte vil referata vere så detaljerte at vi kan fornemme å høyre utsegnene slik dei fall. Tingbøkene kan på denne måten gje oss tilgang til ei tapt verd.

"ofte vil referata vere så detaljerte at vi kan fornemme å høyre utsegnene slik dei fall. Tingbøkene kan på denne måten gje oss tilgang til ei tapt verd".
Yngve Nedrebø

Tinget

Pålegg om føring av bøker med referat av det som hadde gått føre seg på tinget, kom i Danmark i 1550 og i Noreg i 1633. Sjølv om ein nokre stader i Noreg alt var godt i gang med å føre tingbøker det året påbodet kom, gav ikkje alle skrivarane akt på det. Frå 1640- og 1650-talet finn vi tingbøker i mange av sorenskrivararkiva, og seriane går heilt opp til 1935, då dei vart gjort om til tinglysingsdagbøker. Den eldste boka frå Voss som let seg finne i arkiva er frå 1648, men boka er så «forraadnet» at mykje av teksten er borte. Det viser oss at boka har vore slett handsama og utsett for fukt og sopp. Mange av dei seinare bøkene frå Voss let seg heller ikkje lenger finne, truleg av same grunn, slik er det fleire lakunar [manglar] i rekka. Dessto meir får vi glede oss over det som framleis let seg lese.

Den 31. juli 1591 kom ei forordning om svorne skrivarar, som skulle vere til hjelp på tinga, helst med å skrive. Men etter kvart tok desse skrivarane over viktige funksjonar frå allmugen. Skrivaren vart først meddommar, og med tida hovuddommar. Først midt på 1700-talet kom det krav om at det skulle ha eksamen i jus, i tillegg til å kunne dokumentere at dei var skriveføre.

På 1600-talet hadde Voss dels eigen sorenskrivar, men i periodar delte dei skrivar med Ytre Sogn eller Hardanger. I 1692 vart det bestemt gjennom kongeleg påbod at Hardanger og Voss skulle slåast saman og ha felles sorenskrivar. Lyseklostergodset skulle og ligge til denne jurisdiksjonen.

I Noreg har går tinget si historie langt attende, til lenge før alle skriftlege kjelder tek til. Alle frie menn hadde plikt til å møte på det lokale ”tinget”, som var kalla ”bygdeting” eller ”allting”. Nokre gongar vart det halde ting for større einingar, som «fylkesting» og på Vestlandet med Gulatinget som høgste organ. Sjølve ordet ting tyder ein stad for ”forhandling” – der ein kan tinge, og både ordet og funksjonen var vanleg i heile Nord-Europa. Tinget var lenge det lokale styringsorganet, der bindande vedtak for lokalsamfunnet skulle fattast om lov og rett, skatt og forsvar. Det har vore peika på at det var sterke demokratiske element i tingsystemet. Då kong Harald Hårfagre la under seg Vestlandet, fann ein del at dei ville utvandre, og dei tok ordninga med seg til Island og skapte Alltinget i 930.

Den første sida i tingbok 2 for Voss, signert av lensherren Offue Bielke.
Den første sida i tingbok 2 for Voss, signert av lensherren Offue Bielke. Denne boka dekker perioden 1654-1661, men store delar av teksten er borte, fortært av sopp.

Skriftfesting og arkiv 

På tinget skulle dei dømme i straffesaker og i tvistar som vart tekne opp, eller dei skulle oppnemne menn til nemndene som skulle dømme i sakene. Desse «nemndemenn» vart seinare lagrettemenn. På tinget skulle lovene, som i den eldste tida eigentleg var ei samling med domsavgjerder, seiast fram og tolkast av «lovseiemannen» (lagmannen), for å sikre at alle kjende dei.

Tinget var òg rette staden for å gjere privatrettslege avtaler om fast eigedom. Lenge vart avtalene gjort med heile tingallmugen som vitne. Det var likevel ikkje alltid så lett i praksis, og etter kvart var dei fleste avtalene gjort på førehand. På tinget vart den berre kunngjort – den vart ”tinglyst”. Tilsvarande vart kongelege påbod og kunngjeringar publiserte på tinget.

Lenge var tinget sjølvstyrt, men med ei forordning 16. august 1590 ville kongen sikre seg meir kontroll og gav reglar for framgangsmåten for pådømming av saker i Noreg. Tinget skulle framleis ha sin viktige plass, og den ”meinige allmuge” var framleis pålagd å møte fram der. Denne frammøteplikta vart ikkje avskaffa før i 1687 med Christian V’s Norske Lov.

Bygdetinget vart normalt halde for ei skipreie eller eit tinglag for seg. Lenge var det vanleg å halde tre tingsamlingar i året: vårting, sommarting og haustting. Dei kunne òg vere kalla saketing eller skatteting. Fire-fem månader kunne vere lenge å vente på å få opp ei sak, og saker som gjaldt liv, ære eller fred skulle ein frå 1735 kunne få opp på særskilte ekstrating. Saker som gjaldt grenser eller andre eigedomstvister kunne det nokre gonger vere nødvendig å handsame utanfor rettssal, då som åstadsaker. Dei måtte òg gå for ekstrarett. Slikt kunne det verte mykje reising av for ein sorenskrivar med stort embetsdistrikt. Frå 1797 vart det innført månadsting, men då var det på skrivaren sitt kontor ”tinglysinga” skjedde, og frå å ha vore ei reint munnleg ordning, var tinglysinga då i realiteten blitt reint skriftleg.

Lenge var tingboka den einaste protokollen sorenskrivaren førde, men etter kvart kom det eigne protokollar for ekstrarett og åstadsaker, og dei dokumenta som var tinglesne fekk plass i pantebøkene. Skifter, auksjonar og notarialforretningar fekk òg eigne protokollar. Etter kvart som mange av dei opprinnelege forretningane i tingbøkene vart ført over til andre protokollar, vert innhaldet i tingbøkene mindre innhaldsrike og varierte.

«Tingbokprosjektet» 

I Rogaland hadde Rogaland historie og ættesogelag teke til med å skrive av tingbøker alt på 1930-talet, og mange av dei var gjevne ut som bøker. Dei ville gjere innhaldet kjent for alle dei som ikkje kunne finne vegen til ein lesesal, eller som ikkje kunne lese dei gamle snirkla gotiske orda. Avskrivinga av dei gamle bøkene var ressurskrevande.

Ved Historisk institutt, Universitetet i Oslo vart det i 1987 starta eit prosjekt der dei ville tilgjengeliggjere gamle tingbøker frå 1600- og eventuelt 1700-talet for bruk. Målet var å åpne det rike materialet for aktiv forsking, og dei ville ta i bruk edb-teknologi i arbeidet. Ideen kom frå eit Nordisk forskarseminar i 1980, og professor Sølvi Sogner (1932-2017) var den som sette det i gang og lenge hadde ansvar for det. 

For å gjere materialet effektivt tilgjengeleg måtte det skrivast av, og for at det skulle kunne brukast av alle, måtte det gjerast søkbart. Det mangla ikkje på skepsis: arbeidet ville vere tidkrevjande, ein mangla folk med kompetanse på gamal skrift, og det var dårleg med finansiering.

All skepsisen til tross, prosjektet kom i gang, og frå 1989 fekk det økonomisk støtte frå Anders Jahres fond til vitskapens fremme. Folk utan store forkunnskapar vart henta inn som avskrivarar, og det viste seg at dei etter kvart mestra utfordringane med glans. Det vart laga mange tingboksavskrifter, og forskinga kom. I løpet av nokre år vart det skrive meir enn 20 hovudfagsoppgåver med emne frå tingbøkene. 

Den første sida i den eldste tingboka for sorenskrivaren i Nordhordland startar i 1643
Den første sida i den eldste tingboka for sorenskrivaren i Nordhordland startar i 1643. Den vakre skrifta fortel kva for bok dette var: "Protocol eller Ting Baag Offuer Nordhorlehn Huor vdi Schall Indtegnis alt for Retten Bliffuer Ventilerit, Baade Paa de Almindelige Thinge, Saa vell som paa Andre Serdelis tingsteder, Begynt och Anfangitt den 6. October Anno 1642, Och findis Her vdi Halffemtsindtz tiuffes Numerede och Igiennem Dragene Blade". Dette tyder at det som vart "ventileret", altså diskutert eller drøfta på tinget skulle førast inn i tingboka anten det skjedde på det ordinære tinget, eller på andre ting. Dei "Halffemtsindtz tiuffes Numerede och Igiennem Dragene Blade" tyder at boka hadde 90 blad som var autoriserte med segl og tråd gjennom.


Lokalt arbeid med tingbokavskrifter

Lektor Anna Kløve var ei av dei som melde seg til arbeid for tingbokprosjektet, og ho skreiv av fleire av dei eldste tingbøkene frå Voss. Andre har òg teke del, men den som har gjort den aller største innsatsen på dette feltet i Hordaland er Håkon Aasheim frå Osterøy.

Våren 1990 gjorde han seg ferdig to band med slektssoge for Hamre bygdebok. Eit omfattande innsamlings- og redigeringsarbeid, gjort i fritida, var sluttført. Plutseleg fekk han mykje fritid til overs. I arbeidet med bygdeboka hadde han sett nytten av å bruke tingbøkene som kjelde og han hadde høyrt om tingbokprosjektet. Han tok kontakt med Statsarkivet i Bergen og lurte på om vi kunne skaffe han papirkopiar, mot at han skreiv dei av gratis? Han visste slett ikkje sikkert korleis det ville gå, men han ville gjerne prøve, sa han.

Kopiar fekk han, og så tok det til å komme ein straum av diskettar frå han. Stadig ringde han og sa han var snart ferdig med å skrive av alt han hadde fått av kopiar. Han var redd for å gå tom. Kunne vi sende meir? Helst før helga!

Dei første åra sende han frå tid til annan ei liste med ord han ville ha sjekka av oss. Vi prøvde å hjelpe, men såg snart at han var vorten meister i å tolke og forstå. Sto han fast på eit ord, gjorde vi det oftast òg, sjølv om vi kunne sjekke mot originalane. Kvaliteten på arbeidet hans var førsteklasses, og vi kunne med stor glede presentere bok etter bok for interesserte lesarar på lesesalen, og som vedlegg til epost.

Etter nokre år fortalde han oss ambisjonen: Han ville skrive av heile tingbokrekka for Nordhordland, frå 1641 til forbi år 1800. Det er nesten to fulle hyllemeter i arkivreolane, med mellom 15000 og 20000 sider i dei originale tingbøkene.

Håkon Aasheim er ein utruleg uthaldande mann! Han har arbeidd med ei framdrift så jamn og så stor at den nesten må ta pusten frå oss alle. Avskrivinga var lenge vinterarbeid, og han leverte rundt 750 sider med avskrifter i året. Ei avskriftside kan ofte tilsvare to sider i originalen, så det gjekk ganske raskt framover i hyllene.

Vinteren 2005/2006 var han kommen i mål med prosjektet Nordhordland. Vi talde opp, og fann at vi hadde motteke 10967 avskriftssider frå han av tingbøkene for Nordhordland.  No meinte kona hans at det fekk vere nok! Ingen kunne finne det urimeleg, men på spøk spurde vi om han var sikker på at han ikkje ville få «abstinens». Vi antyda at vi hadde andre tingbokrekker òg. Han svarte at han meinte han skulle greie seg.

Etter Nordhordland kom nye prosjekt

Det gjekk ikkje mange dagane, så ringde han og lurte på om vi ikkje kunne gjere klar ein bunke med kopiar. Med eit smil spurde vi om abstinensen alt hadde meldt seg? Han svarte nei, men sa han kjende på seg at det var like før.  Han flytta interessa si til Hardanger, der Voss i periodar var med. Kopibunken fekk han, og tre veker seinare hadde vi fått avskrifter av tre av tingbøkene for Hardanger frå 1600-talet. 

Framdrifta var imponerande gjennom dei første 15 åra, men så auka han farten. Det som hadde vore vinterarbeid, vart no arbeid året rundt. Så vart han pensjonist, og kunne engasjerast på litt meir ordna vis. Farten i avskriftsarbeidet vart ytterlegare sett opp, og det kom mellom 2500 og 3000 avskriftsider frå han i året! Prosjektet for Hardanger vart fullførd. I samband med 1814-jubileet skreiv han av tingbøker frå Toten, Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland frå perioden 1810-1815. Så gjekk han i gang med tingbøkene frå Sunnhordland. Stadig nye bunkar med kopiar vart sendt, og heile tida kom det attende avskrifter.

Sjølvsagt har mange andre oppdaga kor rask og flink han er, så han har funne tid til å skrive av for andre prosjekt og parallelt med det han gjør for Arkivverket.

Våren 2019 kunne han slå fast at han hadde gjort ferdig avskriftene av tingbokrekkene for Nordhordland, Hardanger og Sunnhordland. Vi har mista oversikta over talet på avskriftssider, men vi kan lett sjå at dei nesten to hyllemetrane med originalar no har vakse til mellom sju og åtte, og sidetalet er nok no, etter 28 års intens innsats, ein stad mellom 40 og 50 000.

Då Sunnhordland var i hamn ringde han og spurte kva som no kunne stå for tur? Vi peika på at Voss i periodar hadde hatt eiga rekke med tingbøker, sjølv om dei delte sorenskrivar med Hardanger. Voss vart det, og no sender vi bunkar med kopiar ein til to gongar i månaden.  Og filane frå Voss kjem attende til oss i stort tempo. Han gjorde seg ferdig med dei tingbøkene for Voss frå 1600-talet som ikkje var å finne i avskrift, og no har han starta på boka frå 1742. 

Avskrifter både frå Voss og andre stader i landet er lagt ut gjennom Digitalarkivet, som er Arkivverket sin kanal for digitalisert materiale, og der kan ein lese og følgje med på det som kjem av nye filar. (sjå fleire lenker i faktaboksen nedanfor). 

Av Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. 

Aktuelle lenker til tingbøker i Digitalarkivet og "Tingbokprosjektet"

Avskrifter både frå Voss og andre stader i landet er lagt ut gjennom Digitalarkivet, som er Arkivverket sin kanal for digitalisert materiale. Her kan ein lese og følgje med på det som kjem av nye tingbøker i avskrift. 

Utanom avskriftene har Digitalarkivet lagt ut meir enn 3000 tingbøker i skanna form, i tillegg til mange andre kjelder. Den siste tilveksten frå rettsvesenet er 16 skanna tingbøker som gjeld Voss frå 1742 til 1861.

Tingbøker i Digitalarkivet:
Skannede tingbøker for heile landet (avgrens søket med geografi og evt. tid) 
Tingbøker i avskrift (ordna geografisk etter fylke)

Avskriftene finst som i PDF- eller HTML-filer. Når du har valgt tingbok kan du bruke søkefunksjonene i nettleseren for å søke i avskriftene.  

Tingbokprosjektet
Universitetet i Oslo har gjennom Tingbokprosjektet lagt ut søkbare tingbøker, med tilhørende veiledningstekst

Artikler knytt til tingbøker eller innhaldet i dei: 
Liv Helene Willumsen: «De ti vanskeligste trolldomsprosessene i nord»
Marianne Herfindal Johannessen: "Uhældige Skjæbner i tingbøkene"
"Tinglysning" var tema i Arkivmagasinet nr. 1, 2008. Her kan du lese både «Til Almennhedens Kundskab» - tinglysingsmaterialet som historisk og rettsleg kjelde, og artikler om skylddelinger, skjøter, utskiftninger, føderåds- og husmannskontrakter.  
Hans Nicolai Nissen: «Rundeskatten – en tingbok forteller»:
Cæcilie Stang: «Finnemanntallet og den finske innvandringen på 1600-tallet»
Bjørn Davidsen: "Drapet i Aurevåg 1814"
Rettsprotokoller fra sorenskriveren i Finnmark 1620-1813 er tatt inn på listen over Norges dokumentarv.