ENG
_VB02067

Tal og analyser 2021

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2021.

Spørjeskjema blei sendt ut til 161 arkivbevarande institusjonar den 24. januar 2022. 152 institusjonar har avgitt svar; 28 reine arkivinstitusjonar, 54 bibliotek og 70 museum. I år har heile 94 % av institusjonane svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

Les Arkivverket si analyse av dei innrapporterte tala for 2021

Statistikk for arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum 2021 (.pdf)

Vi har også laga ein Power Point-presentasjon av tabellane og grafane - i excel-format, til fri bruk for andre i eigne foredrag og presentasjonar:
Presentasjon av tabellar og grafar 2021 (.pdf)

Ved utgangen av 2021 var det totalt bevart meir enn 4 500 arkivuttrekk og nesten 637 000 hyllemeter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Det historiske arkivmaterialet i norske bevaringsinstitusjonar kan stå tett i tett i ei rekke frå Stavanger til Steinkjer, og det digitale materialet er på i overkant av 217 000 Gigabytes. Total arkivbestand som er ordna og katalogisert utgjer 465 330 hm, det vil seie 73 % av total bestand.

Det er generelt mange museum og bibliotek som ikkje publiserer informasjon om arkiva sine på Arkivportalen.no. Det er også eit stort etterslep på publisering av informasjon om arkiva i (fylkes)kommunale arkivinstitusjonar. Men delen som er publisert har auka jamt dei siste åra. I 2021 har publiseringsdelen auka til 62 % i snitt.

Særs mange bevaringsinstitusjonar av alle typar tek vare på privatarkiv – i alt 148 av 152 institusjonar svarar at dei tek vare på privatarkiv. Men mange av arkiva er små, og den einskilde institusjonen har ofte ei lita mengde privatarkivmateriale. Total bestand av privatarkiv er på 137 643 om ein reknar i hyllemeter. Svært få har tatt imot digitalt skapte privatarkiv.

Status i 2021 er at litt under ein tredel av arkiva frå private aktørar ikkje er ordna. Informasjon er tilgjengeleg for berre 51 % av privatarkiva på Arkivportalen.no.

Tala på lesesalsbesøk syner ein nedgang i 2021. Som i 2020 kan truleg mykje forklarast med koronaviruset og stenginga av samfunnet som følgde. Talet på førespurnader har derimot hatt ein liten auke frå året før, frå 63 036 til 63 852. Omkring 63 % av alle førespurnadene i 2021 gjeld eigedom eller dokumentasjon av rettar. 

Ser ein på bruk og besøk i Digitalarkivet, har det vore ein liten nedgang i kor mange som besøkte Digitalarkivet i 2021. I 2020 var talet på besøk heile 7,4 millionar, mot 6,7 millionar i 2021. Talet på årlege unike brukarar er òg noko lågare i 2021 med 1,3 millionar mot 1,6 millionar unike brukarar i 2020. Det må leggjast til at 2020 var eit rekordår for besøkande på Digitalarkivet, då folketeljinga for 1920 blei publisert. Tala for besøkande på Digitalarkivet er høgare i 2021 dersom ein samanliknar med tal frå 2018 og 2019.

Bevaringsinstitusjonane har samla sett hatt ein liten oppgang i tal på arkivrelaterte årsverk og ein nedgang i tal på arkivfaglege årsverk frå 2020. Dette heng saman med dei nye oppgåvene arkivsektoren skal løyse knytt til digitalt skapt materiale. Musea og biblioteka rapporterer samla å ha rundt 112 arkivfaglege årsverk, ein auke på 7 årsverk frå 2020. I gjennomsnitt utgjer likevel dette berre 0,9 arkivfaglege årsverk per bibliotek eller museum – det same som i 2020.

Dersom du er interessert i å sjå meir på dei innrapporterte tala, kan du laste ned ein samletabell som gir ei enkel og utskriftsvenleg oversikt. Du kan også laste ned rådata.