ENG
8528016754

Årsmøte i Norske Kvinners Sanitetsforening i 1913. Formann Fredrikke Marie Qvam er nr. 9 fra venstre i første rekke. Fotografen er ukjend, men biletet er henta frå arkivet etter Norske Kvinners Sanitetsforening, Riksarkivet.

Sanitetsarbeid, sjukepleie, spyttebakkar og stemmerett - sett frå Tromsø

Arkiv etter ulike lag og foreiningar inneheld ofte verdifulle bidrag til forteljinga om korleis det norske samfunnet og verdiane i dette har vakse fram. Eit godt døme er arkiva etter dei mange foreiningane som vart oppretta av og for kvinner rundt 1900. Tromsø Sanitetsforening vart stifta i 1896. Foreininga var ein del av ei landsomfattande kvinnerørsle som arbeidde på fleire ulike felt og med ulike formål. I einskilde saker fann dei det praktisk å samarbeide på tvers.

Tromsø fra NB generated_01_12_15_31_44
Dette biletet frå 1907 viser Tromsø sentrum sett frå øya mot fastlandet og Fløyfjellet. Foto: Anders Beer Wilse, utlån: Norsk Folkemuseum/Nasjonalbiblioteket.


Sanitetsarbeid i krig og fred

13. oktober 1896 vart det halde møte i gymnastikksalen på Latinskulen i Tromsø for å få danne ei lokal foreining av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Hovudforeininga var stifta i Kristiania same året, og hadde som mål å opprette foreiningar i bygd og by over heile landet. Sanitetsforeininga hadde som formål å skaffe sanitetsmateriale til bruk både ved krig og ved ulukker i fredstid. I tillegg ville foreininga gje kvinner opplæring i førstehjelp. Heile 89 kvinner melde seg inn i Tromsø Sanitetsforening den første dagen. Sanitetsforeninga i Tromsø starta straks opp med å skaffe materiell til å utstyre feltlasarettsenger. Til det trong dei sengklede, skjorter, forbindingsutstyr, handklede, strømper m.m. Det vart sett i gang med sy-møter der medlemmane sjølve produserte det utstyret dei trong.

NKSsjukepleiarar
Portrett av to sanitetssøstre. Namnet på den eine av dei skal vera Benedicte Bentzen. Legg merke til emblemet dei har på uniformen. Kjelde: arkivet etter Norske Kvinners Sanitetsforening, Riksarkivet.

 

Ugifte lærarinner og stortingsfruer 

I det første styret vart Thora Halvorsen, Pauline (Pylle) Horst, Johanne (Lita) Killengreen, Anka Holmboe og Margrethe Collin vald inn. Thora Halvorsen og Anka Holmboe var ugifte lærarinner. Thora vart vald til leiar for sanitetsforeininga i Tromsø og seinare sat ho også som leiar for Landskvinnestemmerettsforeininga. Ho var også den første kvinna som vart vald inn i kommunestyret i Tromsø i 1904. Lita Killengren og Margrethe Collin var begge gift med velståande kjøpmenn. Collin vart tidleg enke, men dreiv familieforretninga vidare. Pylle Horst var gift med stortingspolitikar for Venstre - Hans Jakob Horst, og hadde i  samband med det budd fleire periodar i  hovudstaden. Ho sat også i hovudstyret for NKS ein periode. Både Pylle Horst og Thora Halvorsen kjente Randi Blehr som sat i hovudstyret for NKS, fordi ho også hadde budd i Tromsø. Randi var gift med Otto Blehr som var venstrepolitikar, og etter kvart vart norsk statsminister i Stockholm. Randi Blehr og Pylle Horst sine kontaktar og kjennskap til forholda i Tromsø var nok avgjerande for at foreininga kom så raskt i gang. 
 

Thora Halvorsen2
Thora Halvorsen var den første leiaren av Tromsø Sanitetsforening. Ho var og den første kvinna som kom inn i kommunestyret i Tromsø. Det skjedde i 1904. Biletet er henta frå "Tromsø bys historie", band 2.
8518449126
Portrett av Fredrikke Marie Qvam. I 1896 ble Norske Kvinners Sanitetsforening stifta. Fredrikke Marie Qvam var formann frå 1896 til 1933. Foto: Henriksen, Steinkjer. Utlån: NKS/Riksarkivet.

 

Strategi for å oppnå stemmerett

I Tromsø, som elles i landet på slutten av 1800-talet, var det eit overskot av kvinner. Derfor måtte fleire kvinner skaffe seg inntekt for å forsørgje seg sjølve. Kvinnene hadde lenge kjempa for å få politisk stemmerett, utan å få nok stønad frå mennene. Ved å danna Norske Kvinners Sanitetsforening og gjere ein samfunnsinnsats på det humanitære området, ville kvinnene no forsøke å gjere seg «fortent» til å få stemmerett på lik linje med menn.

Tromsø - ein by av radikale venstrefolk

Tromsø hadde utvikla seg til ein utprega Venstre-by då partisystemet vaks fram på slutten av 1800-talet, og ikkje minst var det den radikale fløya innanfor Venstre som stod sterkast i byen. Rektor Horst ved den høgare skulen var leiar i det liberale politiske miljøet. Han vart vald til stortingsmann første gong i 1888, og sidan vald kvart år til og med 1900. Også i 1903 vann Horst og Venstre valet i Tromsø by. Ved stortingsvalet i 1906 fekk Venstre og Horst 76 % av stemmene i byen. Eit aktuelt politisk stridstema var om Noreg skulle frigjere seg frå unionen med Sverige, og Venstre hadde ivra sterkt for unionsoppløysing.

 «Ja, vi elsker dette landet»

Sanitetskvinnene ville vere med å bygge Noreg som ein sjølvstendig stat, ved å støtte saniteten i forsvaret. Det var også i samsvar med Venstre sin politikk å styrke forsvaret. Då det i 1905 oppstod ein spent politisk situasjon mellom Noreg og Sverige, mobiliserte sanitetskvinnene. 11. mai kalla Tromsø Sanitetsforening  inn til ekstraordinær generalforsamling for å forsøke å få intensivert arbeidet med å opparbeide sanitetsmateriell og samle inn pengar. Det vart arrangert friluftsfest på Alfheim, og det var opprop i avisene med oppmoding om å gje bidrag. Foreininga fekk også offergåver frå kyrkja i Tromsø og frå ein kyrkjelyd på Senja. Det vart halde eit massemøte og kvinner vart oppmoda til å melde seg inn i foreininga «medens der var fred, for at have noget at ty til om en krigsulykke skulde komme». Møtet vart avslutta med at alle song tre vers av «Ja, vi elsker» og det vart ropt eit «ni-foldig» hurra for fedrelandet. 38 nye medlemmar meldte seg inn og i 1906 hadde foreininga fått 150 medlemmar.

sjukepleiar
For å markere eit nasjonalt standpunkt fekk sanitetsforeininga sine sjukepleiarar uniformer i raudt, kvitt og blått. Det viste seg dessverre at plagga krympa ved koking og måtte derfor byttast ut til lyseblått stoff. (Biletet er frå 50 års-jubileumsberetninga til NKS)


Ein fjerdedel døde av tuberkulose

Tromsø var på slutten av 1800-talet ein by  med mange tilreisande  og dei sanitære og sosiale forholda var ikkje så gode. Det var også tronge økonomiske tider. Det budde ca. 6000 i byen og det herja mange epidemiar - slik som tyfoidfeber, difteri, skarlagensfeber, poliomyelitt og meslingar. Tuberkulose var ein utbreidd sjukdom. Heile 24 prosent av dei som døde i Tromsø i 1905, hadde tuberkulose som dødsårsak. Sanitetsforeininga tok opp arbeidet mot tuberkulose etter at tuberkuloselova kom 8. mai 1900. Lova gav påbod om å registrere alle som hadde tuberkulose og stat og kommune fekk pålegg om å dekke utgiftene til behandling av fattige tuberkuløse. Hovudproblemet i Tromsø var at ein ikkje hadde pleieheim. Då bystyret fekk bygd pleieheim for tuberkuløse på Hvilhaug i 1914, gav sanitetsforeininga fullt utstyr til 14 sengeplassar, og utførte mykje gratis arbeid for å få i stand heimen.

Sjukepleie, spyttkoppar og søtmjølk

Medlemmane i sanitetsforeininga fekk tilbod om å lære seg førstehjelp og i 1898 betalte foreininga sjukepleieutdanning for ei ung kvinne. Etter utdanning måtte ho binde seg til å stå i foreininga si teneste i 5 år. Sanitetsforeininga inngjekk også eit samarbeid med amtssjukehuset  om sjukepleieutdanning.  Ei viktig oppgåve for sjukepleiaren var å gå på sjukebesøk i heimane. I 1912 hadde ein pleiar vore ute i over 1000 sjukebesøk og hadde hatt 34 nattevakter. Foreininga kjøpte også inn søtmjølk som pleiaren delte ut til trengande, og i 1915 vart det delt ut 9450 liter. Det vart også delt ut medisin, og i 1915 sette foreininga ut 1480 spyttkoppar for å hindre smittespreiing. I 1916 vart det dessutan innkjøpt en feriekoloni for barn på Senja.

Brann- og rasulukker

Tromsø Sanitetsforening ytte også hjelp når det hende ei ulukke i fredstid. Då 300 menneskjer vart huslause etter brann i Narvik i 1902, gav sanitetskvinnene bort mykje av utstyret sitt, og samla inn klede i Tromsø for å hjelpe folket i Narvik. Det same gjorde dei då det i 1906 var ei stor ras-ulukke i Lofoten. 

Stemmerettskravet blir innfridd, men framleis behov for humanitært arbeid

Norske Kvinners Sanitetsforening vart stifta av kvinner som var opptatt av sosialpolitikk, og å minske utbreiinga av sjukdom, men også opptatt av kvinnestemmerett, nasjonalt sjølvstende og venstrepolitikk. Tanken var at når kvinnene i sanitetsforeininga gjorde sin «verneplikt» og viste samfunnsansvar, kunne dei med større tyngde krevje at mennene støtta dei i stemmerettskravet. Mobiliseringa fram mot 1905 gav kvinnestemmerettssaka eit løft, som skulle føre til at kravet vart innfridd nokre år seinare. Det var innsatsen til blant andre sanitetskvinnene som var med på å legge grunnlaget for at Noreg vart den første sjølvstendige staten som gav kvinnene statsborgarleg stemmerett på lik linje med menn i 1913. Men sjølv om stemmerettskravet vart innfridd, så var det framleis stort behov for humanitære arbeidet, og Tromsø Sanitetsforening  har i år vore i sving i 122 år. 

Av Synøve Bringslid. Ho er historikar og er tilsett i Arkivverket som førstearkivar i seksjon for depot ved Statsarkivet i Tromsø.

Kjelder og litteratur:

Arkiv: 
P-0740: Tromsø Sanitetsforening
P-0017: Tromsø Landsstemmerettsforening

Litteratur: 
Nils A. Ytreberg: "Tromsø bys historie", Tromsø 1962, bind 2

Bevarte arkiv frå Norske Kvinners Sanitetsforening

Norske Kvinners Sanitetsforening fekk ein landsomfattande organisasjon og mange lokale foreiningar har avlevert arkiva sine til arkivinstitusjonar. Ved søk i www.arkivportalen.no ser vi at det er registrert 139 arkiv-avleveringar frå sanitetsforeiningar til ulike arkivinstitusjonar og museum over heile landet.

Våren 2018 fekk Statsarkivet i Tromsø avlevert den eldste delen av arkivet til Tromsø Sanitetsforening, privatarkivnummer P-0740. I avleveringa finst det mellom anna møteprotokollar som gjev eit godt bilete av omfattande og variert aktivitet i perioden 1896-1962. Det finst også arkiv frå fleire andre lokalforeiningar i Statsarkivet i Tromsø. 

Tromsø Landskvinnestemmerettsforening med privatarkivnummer P-0017vart etablert i Tromsø i 1900. Møteprotokollen etter denne foreninga er skanna og tilgjengeleg i Digitalarkivet