ENG
EA-4061_F-L0099_0001_0002_s608_signaturer

Underskriftene til dei kommisjonsmedlemane som underteikna den første protokollen i februar 1787, Scheel, Colbiørnsen, Falsen og Aars. Foto: Odd Amundsen, Riksarkivet.

Meldeplikt for å kome inn til Kristiansand

6. desember 1786 vart alle vegar inn til Kristiansand by stengt for fri ferdsel. Styresmaktene var redde for at lofthustilhengjarar frå eit stort omland skulle invadere byen og skape opprørsliknande tilstander.

«...alle og enhver, som ankommer til Christiansand strax skal anmelde sig ved Hovedvagten;» «…ingen maa understaae sig med Baade at anlægge til nogen Side af Byen, forinden de først have meldt sig ved Fæstningen, naar de komme østen fra, og de som anlægge paa den vestre Side af Byen, melde sig ved det paa Reeden liggende Vagtskib…»
 

Dei som ikkje følgde pålegget om meldeplikt, ville bli arrestert, og som det står på plakaten: «strax blive anholdt og til Hovedvagten henbragt»

Ny Plakat URN_NBN_no-a1450-da10101409090258
Plakat henta frå Rentekammeret sitt arkiv (Skapsakene) i Digitalarkivet.

 

Ordren kom frå generalmajor Dietrichson. Han var kommandant på Kristiansand festning og frykta for kva som kunne skje desse mørke desemberdagane midt under lofthusoppreisten. Byen var omgitt av menneske som var fortvila, men også svært sinte, både over sine eigne dårlege levekår og over den behandlinga deira eigen talsmann, Kristian Jensson Lofthus frå Lillesand hadde fått av lokale og sentrale styresmakter dei siste månadene. Sinna var i kok. I fleire dagar hadde folk frå heile Nedenes og Råbyggelag amt, dvs dagens Aust-Agder, samla seg for å gå til stiftshovudstaden Kristiansand. Stiftamtmann Adeler, som var øvste lokale myndighet, hadde prøvd å arrestere Lofthus heile hausten. Nokre frå dagar tidlegare hadde han rapportert til København at den militære kommandogruppa som hadde i oppdrag å arrestere Lofthus endå ei gong hadde kome tomhendte tilbake. Lofthus var umogeleg å få tak i, rapporterte Adeler, «da han streifede omkring overalt i Bygdene». Saman med fleire medarbeidarar var Kristian Lofthus nærast kontinuerleg på farten, på reise frå bygd til bygd for å tale med folk, skaffe underskrifter på felles klagebrev og mobilisere innbyggjarane til å stå saman. Slik hadde det vore heilt sidan Lofthus kom heim frå samtalar med kronprinsen i København fem månader tidlegare.

IMG_0619
Lofthuskommisjonen sin protokoll frå avhøyra av innbyggjarane på Agder i januar og februar 1787. NRA, EA-4061 Danske Kanselli, Skapsaker, F, L0099: Lofthuskommisjonens arkiv, Skap 16, pk. 7V, Tome I og II. Foto: Margit Løyland, Riksarkivet. 

Massemønstring på Agder

Lofthustilhengjarane hadde samla store folkemengder fleire gonger denne hausten. Og i mest alle kyrkjesokna i amtet hadde innbyggjarane organisert underskriftsaksjonar og val av utsendingar som skulle reise til København på deira vegne. Nett no var ei gruppe på vel 30 lofthusmenn frå Agder og Telemark i København. Der hadde dei vore sidan tidleg i november for å leggje allmogens klager om dårlege levekår fram for kongemakta. I starten av oktober hadde mange hundre menneske vore samla i Lillesand for å berge Lofthus frå arrest, og no, tidleg i  desember, var det igjen tid for massemønstring på Agder. Mange hadde møtt fram på ein gjestgivargard ved Grimstad for å vente på Lofthus der. Saman skulle dei dra vidare til Kristiansand for å sikre han fritt leide. Andre var alt på veg vestover. Stiftamtmannen rapporterte detaljert om uroa til København.

Eineveldets maktapparat i kanselliet fekk stadig oppdateringar om opprørsstemninga som hadde bygd seg opp sommaren og hausten 1786. Dei var godt informert om Kristian Jensson Lofthus som hadde stilt seg i spissen for aksjonane og tatt på seg å vere talsmann for innbyggjarane. Vanlege folk klaga over behandling og oppførsel frå privilegerte borgarar og embetsmenn. Det var mobilisering på begge sider heile hausten 1786, og dei mange forsøka på å arrestere Lofthus førte til at konflikten eskalerte voldsomt i oktober, november og desember. Da stiftamtmannen oppdaga at folk frå mange kantar var på veg til Kristiansand for å beskytte Lofthus frå arrest, fekk generalmajor Dietrichson straks beskjed om å sørge for ro og orden. Embetsverket og handelsborgarane i byen stolte likevel ikkje på at dette var nok. Dei var redde soldatane sympatiserte med Lofthus. Derfor organiserte dei eigne patruljer for å forsvare byen mot lofthusfølgjet som var på veg.

Skap16
Skapsakene slik dei er arkivert i Riksarkivet i Oslo. Foto: Margit Løyland, RIksarkivet.

Store flokkar med væpna bønder

Meldingane om at store flokkar med væpna bønder samla seg på nytt på Agder nådde ikkje bare København. Den engelske utsendingen i Danmark, Mr. Elliott, sende fleire rapportar til London i desember 1786. Han informerte om at det hadde vore ein serie opptøyer i Arendal og Kristiansands-området tidlegare på hausten, og at så mange som to tusen bønder no var i ferd med å samle seg på nytt. Vi har bare Mr. Elliotts ord for at det var fleire tusen væpna sørlendingar på veg til stiftshovudstaden desse tidlege desemberdagane. Andre kjelder kan imidlertid bekrefte at lofthusfølgjet var stort, og at følgjet møtte kraftig motstand frå militære styrkar, sentrale styringsorgan og sivil mobilisering.

Plakaten om meldeplikt frå 6. desember 1786 viser at embetsverket førte streng kontroll med innbyggjarane. Men eineveldet var eit sårbart system. Kongen trong lojale undersåtter, og måtte både gi og ta. Bare to dagar etter at kommandanten på festninga underteikna plakaten om meldeplikt, utnemnde kongen ein kommisjon som skulle granske klagene folket kom med. Tidleg i januar 1787 var den undersøkjande Lofthuskommisjonen på plass i Kristiansand for å avhøyre innbyggjarane i alle kyrkjesokna i amtet.

Skapsakene 

IMG_0570
Desse gamle eikeskapa som framleis er i det danske Rigsarkivet, har gitt namn til våre Skapsaker i Riksarkivet. Foto: Margit Løyland, Riksarkivet. 

Mange kjelder til norsk historie er framleis oppbevart i København, sjølv om mykje er tilbakeført ved hjelp av politiske avtaler landa i mellom. Skapsakene i Riksarkivet i Oslo er blant dei første kjeldene som kom tilbake til landet vårt etter unionsoppløysinga. Det skjedde i 1851. Skapsakene inneheld mykje spanande materiale frå fellestida med Danmark. Namnet Skapsaker fekk materialet fordi det var plassert i gamle, solide eikeskap då det vart oppbevart i København. 

Skapsakene er ein serie saksdokument som gjaldt Noreg, og som hamna i København fordi dei blei behandla i Danske Kanselli, dvs. kongens sekretariat, det vi kan kalle regjeringa. Materialet er mangfaldig. Her er jordebøker og militære ruller, lovarbeid og kommisjonsarkiv, mellom anna er arkivet etter Lofthuskommisjonen plassert i Skap 16. Materialet er digitalisert og du kan bla i dei mange ulike skapsakene på Digitalarkivet.   

Av Margit Løyland,  førstearkivar i Arkivverkets seksjon for Tilggjengeleggjering, med Riksarkivet som arbeidsstad.  

Kjelder og aktuelle lenker

Litteratur:

Margit Løyland, Lofthusoppreisten. Rettsmateriale frå kommisjon og høgsterett 1787–99, Kildeutgivelser fra Riksarkivet 4, Oslo 2018 

Du finn og meir om Lofthusoppreisten i boka:
"Opprør og opposisjon under enevelde og demokrati", (kapittel 3.) (open access)

Lofthusoppreisten på Norgeshistorie.no 

Digitaliserte kjelder:

Her finn du alle Skapsakene i Digitalarkivet 

Her finn du saka mot Kristian Lofthus i Digitalarkivet

Plakaten frå 6. desember 1786 i Digitalarkivet