Fragment av Fagrskinna
I det norske kongesogehandskriftet Fagrskinna finn vi dei fire første verselinjene i eitt av i alt to kjende vers av kvadet Valþjófsflokkr av den islandske skalden Þórkell Skallason.
Det vi ser på biletet er slutten av kap. 212 i det norske kongesogehandskriftet Fagrskinna, der vi har eitt fragmentblad av det såkalla B-handskriftet i Riksarkivets norrøne fragmentsamling. Originalhandskriftene brann i København i 1728, men dei vart heldigvis kopiert før dette hende. Handskriftet som fragmentet var ein del av, vart truleg skrive ein gong mellom 1240 og 1263. Teksten her omhandlar den engelske Valtjov (Waltheof) jarl, og hans fall. Fagrskinna (og Heimskringla) gjer han til ein bror av kong Harald Godwinsson av England, og set dødsfallet i samanheng med den normanniske erobringa av England i 1066. Soga fortel at medan kong Harald og broren hans Gyrd fall i slaget ved Hastings den 14. oktober, kom Valtjov seg unna. Etter at Vilhelm Erobraren hadde vore teken til konge i England, sendte han bod på Valtjov og ville dei skulle forlikast. Kongen tok godt imot han, og gjorde han til jarl over Northumberland, og dei skildest som vener. Men då jarlen drog, sendte kongen menn etter han og lét han drepa. Dette, seier handskriftfragmentet i dei tre nederste linjene, fortalte Þórkell, son til Þorð Skalli, om i kvadet Valtjovsflokken som han dikta etter jarlens fall. Þórkell var hirdmann hjå jarlen.
Fra þessom tiðendum sægir innilega Þorkæll sunr Þorðar skalla. Hann var hirðmaðr Valþiofs jarls. Oc orte hann cvæðe eftir fall iarlsens oc er þetta þar i. Vist hæfir Valþiof faustan Viliamr sa er rauð malma hinn er haf skar sunnan hellt i trygð um velltan.
I verkelegheita var Waltheof ikkje bror av Harald, men tilhøyrte ei jarleslekt som styrte Northumberland, og var sjølv jarl over både Huntingdon og Northumberland under Vilhelm Erobraren. Han vart avretta i 1076 etter eit opprør mot kong Vilhelm. Det vi får overlevert av kvadet er dei fire første verselinjene i eitt av i alt to kjende vers av kvadet Valþjófsflokkr av den islandske skalden Þórkell Skallason, og som er dikta ein gong ikkje lenge etter jarlens død.
Dei to kjende versa i kvadet, lyder som følgjer i Anne Holtsmark og Didrik Arup Seips omsetjing av Harald Hardrådes saga i Heimskringla:
Kongens hundre hirdmenn
hærmannen lot brenne
i heite ild; for krigsfolk
kvelden ble en «svi-kveld».
Mennene måtte – det vet jeg –
under vargeklo ligge.
Spydet rikelig føde
skaffet den mørke ulven.
Visst er det at Vilhjalm
våpenfargeren sørfra,
som kom over kalde havet,
den kampdjerve Valtjov har sveket.
Sant er at seint vil manndrap
stanse nå i England.
Djerv og snar var min herre,
det dør ikke gjevere fyrste.
Av Jo Rune Kristiansen Ugulen, historiker og førstearkivar i Arkivverket.