ENG
Brev med stempel

Ein kravstor prest i Telemark

Innbyggarane i Tinn i Telemark var fortvila over den kravstore presten sin, og sende ei innstendig bøn til kongen om å hjelpe dei av med den pengeglade, men også valdelege prelaten. Bøna vart sendt i form av eit klagebrev, ein supplikk, frå allmogen i Tinn prestegjeld i Bratsberg amt vinteren 1786−87.

Til Kongen!


Vi, Aller Underdanigst baade Fattig og Rige af Tinds Præstegield i Øvre Tellemarken og Bratsberg Amt i dit Rige Norge. Det er den høyeste Gud og Kongen ganske imod at vi skulle være usamdregtig imod vores Siælesørger og SognePræst, Herr Rasmus Møglestue, men herre Gud hvor skal vi hen, vor Ringe Formue naar icke til at opfylde Præstens Begiæring…

… naar Ringe og Fattige Folk for Armod og Fattigdom icke er i stand til at opfylde Præstens begieringer i denne Tid, saa haver det undertiden hendet sig at han har OverFaldet dem, stødt dem til Jorden, og een deel Overfaldet med Hug og Slag…


Denne Enfoldige skrivelse er af en AlmuesMand skrevet og af Bønderne selv forfatted da ingen anden var at formaa dertil.

Hausten 1786 hadde det blussa opp mykje uro i nabo-amtet Nedenes, lenger vest. Kristian Jensen Lofthus og støttespelarane hans organiserte klageskriv og folkemøte, og i dei fleste kyrkjesokna vart det valt delegatar som skulle fylgje Lofthus til kongen i København for å grungi klagene over utidige embetsmenn, handelsborgarar, kornprisar og skattenivå.

Allmogen mobiliserte for at styresmaktene skulle forstå kor ille det stod til med vanlege folk. Kjerneområdet for Lofthus-oppreisten var bygdelaga i det som no er Aust-Agder fylke, men lofthustilhengjarane hadde flust av støttespelarar. Både austover, i Bratsberg amt (Telemark) og lenger vest, i Mandal og Lister amt (Vest-Agder) blei det samla underskrifter og sendt klageskriv. Bøna om å bli kvitt soknepresten i Tinn er derfor bare eit av mange slike brev som vart sendt frå ulike lokalmiljøa desse åra.

Brev med stempel

Klagebrevet er underteikna med namn og segl av tolv menn i Tinn. Men det blei ikkje sendt direkte til København, for skulle det bli ein retteleg supplikk, måtte det først innom stiftamtmannen og få hans godkjenning og underskrift. Og etter at det hadde vore hjå stiftamtmann Hans Hagerup i Kristiansand i byrgjinga av desember 1786, blei det verande i amtet og fekk ei ny påteikning av stiftamtmann Scheel og lagmann Colbiørnsen då det var lagt fram for den første Lofthus-kommisjonen, som var i Arendal nokre dagar i mars 1787.

Arkivreferanse: EA-4061 Danske Kanselli, Skapsaker, F, L0102; Lofthuskommisjonens arkiv, Skapsaker 16, pk. 7VIII, klageskriv [nr. 13336].