ENG
Ingrid Bjerkås

Ingrid Bjerkås, ordinasjon i Vang kirke. Biskop Harald Schjelderup. NÅ nr. 12, 1961 Foto: Lasse Klæboe/Riksarkivet/Billedbladet NÅ.

Klar tale mot Quisling

Ingrid Bjerkås var 39 år gamal, gift tobarnsmor og busett i Bærum då krigen kom til Noreg. I 1941 forfatta ho eit brev til Quisling med beskjed om at han måtte trekke seg mens det enno var tid, og sørgje for oppløysing av NS.

Ho fekk ikkje svar og sende eit nytt brev med same bodskap. Då kom det svar, fru Bjerkås sin mentale tilstand skulle kartleggjast. Den framståande NS-legen Hans Eng utarbeidde ein psykiatrisk rapport der ho blir karakterisert som ”jøssingismus psykopatica”. Etter eit nytt klagebrev i 1943, denne gongen til Reichskommissar Terboven, blei ho arrestert og sett inn på Grini. Ingrid Bjerkås blei seinare kjend som den første kvinnelege presten, utnemnt i 1961.

Arkivreferanse: Riksarkivet/Bjerkås, Ingrid/RA/PA-1366/G/L0001/0006/0002

Arkivreferanse: Riksarkivet PA1366/Bjerkås, Ingrid/G/L0001/0006/0002.

Les alle breva på Digitalarkivet

Les meir om Ingrid Bjerkås på våre nettsider: