ENG
Arbeid-med-synkemine

Norsk konvoi til Murmansk høsten 1943. Ein av gastane i arbeid med ei synkemine. PA-1209 NTBs krigsarkiv Uf-118

Sjøfolk og hyre

Då krigen kom til Noreg var dei norske sjøfolka spreidde på norske eller utanlandskregistrerte skip på alle hav.

Registrering av sjøfolk

Då krigen kom til Noreg var dei norske sjøfolka spreidde på norske eller utanlandskregistrerte skip på alle hav. Mange segla på Austen, USA eller Canada medan andre var i land på ulike stader. Våren 1940 blei uteflåten beslaglagt til bruk for den norske regjeringa og dei allierte maktene og det måtte då skaffast oversyn over sjøfolka slik at dei kunne plasserast der det var mest bruk for dei. Bemanninga av flåten var avgjerande for krigsinnsatsen. Nyetablerte koordinerings- og registreringskontor omkring i verda registrerte sjøfolka og ved Registreringskontoret i London blei det bygd opp eit sentralregister over sjøfolk på norske fartøy og alle nordmenn i eksil.

Registreringskort frå London. S-2081 Det norske innskudds- og trekkontor i Oslo, serie Fea-52
Registreringskort frå London. S-2081 Det norske innskudds- og trekkontor i Oslo, serie Fea-52

Arbeidsplikt

Registreringa av nordmenn i utlandet var nødvendig for å kunne gjennomføre pålegga om arbeidsplikt. Allereide 12. april 1940 kom det første pålegget om tvungen arbeidsplikt for nordmenn i utlandet. Arbeidspliktpåboda kom til å ramme sjøfolka særleg hardt. Dei blei bundne til dei farlege og krevande arbeidsplassane sine der dei var utsette for ekstraordinære fysiske og psykiske påkjenningar. I praksis kom dessutan arbeidsplikta for sjøfolk til å bli forlenga til etter krigsslutt på grunn av vanskar med å skaffe avløysingsmannskap.

Tvungen arbeidsplikt innebar at norske statsborgarar måtte ta tilvist arbeid. Dersom dei ikkje retta seg etter pålegga, medførte det straffeansvar. Pålegga blei til å begynne med gitt av av Sjøfarts- og arbeidsrådet. Dette rådet blei ganske snart avløyst av Mannskaps- og vernepliktstyret som hadde sete i London og seinare fekk underavdelingar i USA, Canada og Søramerika. I 1943 blei det innført poolordning for dei norske sjøfolka og poolstyra fekk då ansvaret for pålegga. Arkiva etter Mannskaps- og vernepliktstyret og Nortraship London, Maritime Department, inneheld mellom anna saker som gjeld arbeidstilvising og disiplinære tilhøve.

Norsk konvoi til Murmansk høsten 1943. Ein av gastane i arbeid med ei synkemine. PA-1209 NTBs krigsarkiv Uf-118
Norsk konvoi til Murmansk høsten 1943. Ein av gastane i arbeid med ei synkemine. PA-1209 NTBs krigsarkiv Uf-118

Hyre, hyretrekk og sparing

Kapteinane førte mannskapslister med opplysningar om kvar sjømann, slik som påmønstring, avmønstring og hyre. Ved dei to norske innskudds- og trekkontora i London og New York blei det ført samla rekneskap for kvar enkelt sjømann. Kontora skulle ta imot innskot frå sjøfolk og fangstfolk, sørge for trekk og forvalte restbeløp. Dei skulle også hjelpe sjøfolk sine pårørande i Noreg. Sjøfolk brukte å ordne med pengesendingar heim gjennon konsulata, eller dei hadde avtalar med rederia om trekk i hyre og utbetaling til familien. Heimsending av midlar blei ikkje lengre mulig etter krigsutbrotet og mange sjømannsfamiliar fekk store problem med å klare seg. Sjømannshjelpen og Norske kvinners sanitetsforening var mellom dei som gav hjelp.

Reklame for sparing. Her gjengitt frå Innskudds- og trekkontoret i London si trykte årsmelding.
Reklame for sparing. Her gjengitt frå Innskudds- og trekkontoret i London si trykte årsmelding.

Nortraship og sjømannsorganisasjonane avtalte forskjellige obligatoriske trekk i sjømennenes hyre. Det var mellom anna familietrekk, skattetrekk og trekk til Sjømennenes hjelpefond for Norge. Etter kvart blei det også innført andre trekk, slik som tvunge sparetrekk og frivillige sparetrekk. Ei av hovudopgåvene til Innskudds- og trekkontoret i London var å ta vare på sjøfolka sine frivillige sparetrekk. Etter krigen skulle det gjerast eit samla oppgjer for kvar enkelt sjømann. Desse oppgjera blei gjort av Innskudds- og trekkontoret i Oslo og blei ikkje avslutta før på midten av 1950-talet. Alle innskudds- og trekkontora har etterlete rikhaldig dokumentasjon som gjeld sjøfolks økonomiske tilhøve.