ENG
Skjermbildefotografering

Kampen mot tuberkulosen. Skjermbildestudiar ved Det norske legekontor for sjøfolk i New York. RA/PA- 1406 Trygve Gjestland, U/0001/27.

Sjøfolk og helse

Krig fører med seg meir sjukdom. Det var særleg oppblomstring av tuberkulose og kjønnssjukdomar som ga helsestyresmaktene utfordringar. Behovet for helsetenester og behandlinginstitusjonar for nordmenn i eksil var stort.

Våren og sommaren 1940 var det fleire tusen nordmenn berre i London og dei fleste av dei var sjøfolk og fangstmenn. Sommaren 1940 blei det oppretta eit norsk legekontor i St. George’s Hall i London der mannskapa kunne få helsekontroll og behandling medan dei var i land.

Legekontoret i St. George’s Hall var det første av ei rekke helsetilbod for nordmenn kring om i verda, til saman omkring 50 stader. Det blei oppretta legekontor, tannlegekontor, sjukehus og rekonvalesentheimar både i Storbritannia, USA, Canada og India. Dei blei kalla Norwegian Public Health Service Clinics. Desse sentra skulle i tillegg til å yte vanlege helsetenester også rådgi Nortraship, sjømannsorganisasjonane og norske konsulat i helsespørsmål og inspisere skip etter nærmare gitte retningsliner. Statens trygdekontor i London og New York handsama trygdesaker og ga råd i medisinske og hygieniske spørsmål. Arkiva etter dei to kontora omhandlar både stønader, trygder, sjukehjelp, naudhjelp, rekreasjonsopphald og feriar både for sjøfolk og statstenestemenn. Behandling av sjuke sjøfolk og utgifter i den forbindelse er også dokumentert mellom anna i arkiva etter Nortraship, Medical Department New York og Nortraship si Trygdeavdeling, Göteborgkontoret.

Jul på norsk sjukehus i London. PA-1209 NTBs krigsarkiv Ub-48
Jul på norsk sjukehus i London. PA-1209 NTBs krigsarkiv Ub-48

Tuberkulose

Forekomsten av tuberkulose var høg ,og det blei sett inn store ressursar for å få bukt med sjukdommen. Sjukehus og legekontor sette i gong med masseundersøkingar og behandla smitta. Vaksinering blei lite brukt.  Innføring av registreringsplikt for tuberkuloseramma viste alvoret i situasjonen. Eit eige register over tuberkuløse finst i arkivet etter Medisinaldirektøren i London.

Kampen mot tuberkulosen. Skjermbildestudiar ved Det norske legekontor for sjøfolk i New York. RA/PA- 1406 Trygve Gjestland, U/0001/27.
Kampen mot tuberkulosen. Skjermbildestudiar ved Det norske legekontor for sjøfolk i New York. RA/PA- 1406 Trygve Gjestland, U/0001/27.

Kjønnssjukdom

Men det største helseproblemet for nordmenn i Storbritannia og oversjøiske land var kjønnssjukdomar. Sjøfolk i handelsflåten og marinen var mest ramma. Overslag viser at omtrent 1/3 av sjøfolka i handelsflåten blei smitta av ein kjønnssjukdom. Det høge talet på smitta hadde konsekvensar for bemanninga av flåten. Førebygging og tiltak mot kjønnssjukdomar hadde derfor høg prioritet hos norske helsestyresmakter i eksil.

Allereie hausten 1940 kom det ein rapport frå medisinsk sakkunnige om veneriske sjukdommar blant norske sjøfolk i USA. Temaet stod deretter stadig på dagsordenen. Opplysnings- og haldningskampanjar stod sentralt i arbeidet med å få bukt med sjukdomane. Nye og meir effektive medikament blei tekne i bruk i behandlinga. Det blei også oppretta eit eige medisinsk sentralregister over venerisk sjuke. I mai 1945 hadde dette registeret 3.700 navn. Registeret er i arkivet etter Medisinaldirektøren i London.

Sosialdepartementet og medisinaldirektøren, begge London, er sentrale kjelder til kunnskap om helse og velferd for norske sjøfolk under siste verdskrigen. Arkiva dokumenterer også oppbygging og drift av norsk helseadministrasjon i eksil. Overordna helsepolitiske fagsaker er dessutan rikt dokumentert. Medisinaldirektør, seinare helsedirektør Karl Evang sitt arkiv inneheld også slik informasjon.

Det finst pasientjournalar etter mange av dei norske sjukehusa og legekontora kring i verda. Nokre sjukehus har eigne rekkjer med journalar for tuberkuløse eller pasientar med kjønnssjukdomar. Helsearkiva frå Noreg i eksil har rik dokumentasjon om helsa til ekeltpersonar og kan vere viktige for tilhøve som gjeld fysiske og psykiske langtids- eller seinskadar. Nokre av dei aktuelle arkiva er lista opp i det følgjande.

Relevante arkiv i Arkivportalen