ENG
radio-1773304_1920

Radio og kringkasting

Radio var einaste formidlingskanal som nådde direkte ut til heile befolkninga og var difor svært viktig. Dei tyske styrkane tok kontroll over Norsk rikskringkasting straks dei inntok landet 9. april.

Same kvelden kunne ei alvorstyngd befolkning høyre Quisling annonsere statskuppet sitt over eteren. Dette markerte overgangen til ein 5-årig nazistisk kontroll av kringkastinga i Noreg.

Hør Quisling erklære statskuppet på NRK

Straks Reichskommisariat hadde etablert seg i landet, starta nyordninga av Norsk rikskringkasting. Kringkastinga blei underlagd Kultur- og folkeopplysningsdepartementet hausten 1940, men det var det tyske Reichskommissariat som dikterte premissane gjennom Abteilung Rundfunk. Denne avdelinga stod også for dei tyske radiosendingane som gjekk over norsk kringkasting. I avdelinga sitt arkiv finst blant anna korrespondanse, sendeplanar, forordningar, rundskriv, rapportar av forskjellig slag, programoversikter og manus til høyrespel og kåseri.

Sendingane frå London og Boston

Okkupasjonen av den nasjonale kringkastinga gjorde at folk fekk eit ekstraordinært behov for nytt utanfrå. BBC begynte å sende nyhendesendingar på norsk allereie 9. april. Ganske snart kom NRK med eigne sendingar frå London og Boston. Dette blei viktige informasjonskanalar for eksilstyresmaktene og gav befolkninga kontakt med verda utanfor det nazifiserte Noreg. Sendingane hadde på den måten oppbyggjande verknad på motstandsmoralen.

Sentralarkivet til NRK har ein eigen arkivserie om arbeidet til NRK i London. Serien består av møteprotokollar og referat, brev og journalar. Her finst det korrespondanse med Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Utanriksdepartementet, legasjonane i Stockholm og Washington, stoff om etableringa av norsk kringkasting i USA og forhandlingar med BBC. Det finst også meldingar, rapportar og telegram frå NTB, Pressekontoret og den britiske presseattacheen i Stockholm, samt frå Den norske regjeringa sitt informasjonskontor i London. Her finst programmanus, blant anna til talar av leiande regjeringsmedlemer og kjende radioprofilar, kronikkar og reportasjar. Arkivet etter NRK i Boston inneheld hovudsakleg nyheitsmanus og korrespondanse med Det norske informasjonskontoret i New York.

Hans Fredrik Dahl samla eit omfattande kjeldemateriale i samanheng med arbeidet sitt med historia til NRK. Dette er ei eiga samling som består av materiale henta frå NRK sine arkiv og ulike andre stader. Her vil ein blant anna finne dokumentasjon på den nazifiserte kringkastinga.

538000 mottakarapparat blei etter ordre innleverte til styresmaktene sommaren og hausten 1941. Mange konfiskerte apparat blei sende til Tyskland. (RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/L0093/003)
538000 mottakarapparat blei etter ordre innleverte til styresmaktene sommaren og hausten 1941. Mange konfiskerte apparat blei sende til Tyskland. (RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/L0093/003)

Inndraging av radioapparata

Sommaren 1941 bestemte okkupasjonsmakta at radioapparata skulle inndragast for å unngå at folk lytta til sendingar frå London. Inndraging av apparat skjedde i stort omfang. Berre medlemer av NS fekk løyve til å ha radio. Illegal radiolytting blei etter dette ein utbreidd og svært viktig motstandsaktivitet. Meldingane som kom frå London eller Boston blei spreddde vidare gjennom illegale aviser eller flygeblad. Å lytte til radio eller eige eit mottaksapparat medførte straffeforfølging. Dette vil ein finne dokumentert i arkiva etter Politidepartementet og Statspolitiet.

Relevante arkiv i Arkivportalen