ENG
Møte i Colosseum kino

Fra Colosseum kino. T.h. ministerialdirigent G.W. Müller. Bak Vidkun Quisling og Josef Terboven, justisminister. Sverre Riisnæs, Finn Støren, arbeids- og idrettsmin. Axel Stang, ukjent, fylkesordfører Olav Fermann, kansellisjef Ørnulf Lundesgaard.

Film og kino

Film gav eit kjærkome høve til å drøyme seg vekk frå krigskvardagen, men kinosalen blei også ein arena for protest mot NS.

Kino hadde vorte svært populær underhaldning i mellomkrigstida og kinoane blei godt besøkte også under okkupasjonen. Dette trasss i eit sterkt sensurert utval av filmar og oppfordring frå heimefronten om boikott. Film gav eit kjærkome høve til å drøyme seg vekk frå krigskvardagen, men kinosalen blei også ein arena for protest mot NS.

Nyordning av film- og kinobransjen

Filmen sin popularitet og påverknadskraft gjorde at styresmaktene ønskte snarleg kontroll over film- og kinobransjen. Filmar med innhald som kunne tolkast som kritikk av Tyskland, NS eller okkupasjonen, blei ikkje tolte. Amerikanske filmdistribusjonsselskap blei nedlagde etter ordre frå Reichskommissariat sommaren 1940 og engelskproduserte filmar blei forbodne hausten same året.

Les også: Ble arrestert for å hoste på kino

I begynninga av 1941 blei film- og kinoarbeid underlagt ei sterk statleg styring gjennom Statens filmdirektorat, som blei oppretta under Kultur- og folkeopplysningsdepartementet si kulturavdeling. Filmdirektoratet skulle organisere nyordninga av norsk film- og kinoarbeid. I arkivet etter Statens filmdirektorat er det eit saks- og korrespondansearkiv der ein vil finne dokumetasjon på ulike sider av arbeidsområda til direktoratet.

Leif Juster var tillitsvald for skodespelarane på Chat Noir og blei arrestert under skodespelarstreiken i 1941. Dette skapte problem for framdrifta av innspelinga av ”Den forsvundne pølsemaker”. Leif Sinding i filmdirektoratet henvende seg til tyske styresmakter og bad om forståing for saka. ”Den forsvundne pølsemaker” blei ein stor suksess og er en av norsk film sine klassikarar. RA/S-1330 Kultur og folkeopplysningsdepartementet, Statens Filmdirektorat.
Leif Juster var tillitsvald for skodespelarane på Chat Noir og blei arrestert under skodespelarstreiken i 1941. Dette skapte problem for framdrifta av innspelinga av ”Den forsvundne pølsemaker”. Leif Sinding i filmdirektoratet henvende seg til tyske styresmakter og bad om forståing for saka. ”Den forsvundne pølsemaker” blei ein stor suksess og er en av norsk film sine klassikarar. RA/S-1330 Kultur og folkeopplysningsdepartementet, Statens Filmdirektorat.

Filmdirektoratet

Gjennom endring av lovverket og ei rekkje forordningar sørgde Filmdirektoratet for å skaffe kontroll over norsk filmproduksjon, -distribusjon og import og eksport av filmar. Det blei utnemnt ein eigen sensor som skulle sørgje for at innhaldet i filmane ikkje var i strid med ideologien til NS-regimet eller på nokon måte kunne så tvil om Nazi-Tyskland sine særlige kvalitetar. Filmane som blei produserte under krigen var derfor nøytrale filmar utan politisk tendens. Blant dei mest populære var komedien Den forsvunne pølsemaker med Leif Juster. Før Sinding blei leiar av Filmdirektoratet, ferdigstilte han sjølv ein kjend film, Tante Pose, i 1940.

Når den gjaldt importen, var det hovudsakleg tysk, svensk, dansk, fransk og italiensk film som det var tillate å vise. Før USA gjekk inn i krigen blei det også vist ein del amerikanske filmar.

Tyske styresmakter overvakte norsk film- og kinobransje. Dessverre er arkiva etter Reichskommissariat uoversiktlege og mykje er tapt, men ein del fragmentert materiale gir oss likevel eit inntrykk av korleis overvakinga var. I arkivet etter Filmdirektoratet vil ein også finne brev og pålegg frå Reichskommissariat.

Boikott og politikontroll

Kinokontroll

Heimefronten gjekk i 1941 ut med ein parole med oppfordring til boikott av tyske filmar og filmar med NS-propaganda. Sinding var i utgangspunktet motstandar av spelefilmar med nasjonalsosialistisk propaganda fordi han meinte dei ville bli saboterte av publikum. Dette blei også tilfellet då NS-filmen Unge Viljer, mykje mot filmdirektøren sin vilje, kom på lerretet i 1943. Det blei sterke reaksjonar blant publikum over heile landet med påfølgjande politiaksjonar. Slike saker finn vi eksempel på i Statspolitiet sitt arkiv. Men det blei aldri nokon omfattande boikott frå kinopublikummet i Noreg under krigen. Dei såkalla vekerevyane til NS-regimet blei viste som forfilmar til spelefilmane. Vekerevyane innheldt rikeleg med NS-propaganda, men dei var samtidig samansette slik at dei også hadde informasjon om nøytrale emne som mote og generelt nytt. Publikum tolte motvillig vekerevyane og rett som det var kom det spydige kommentarar og tilrop. Politiet blei sett inn for å overvake filmframsyningane. Arkiva til Politidepartementet og Statspolitiet dokumenterer dette.

Relevante arkiv i Arkivportalen