Offiserar i Tyskland
”Det ser ut til å bli alvor nå. Kl. 14 skal vi stille klar for avmarsj. Og vi må vel gå ut fra som sikkert att det går til Tyskland. Det er ca 600 som reiser i dag resten skal reise i morgen er det sakt. Så mykje har eg hørt at vi ska reise med toget til Oslo og der gå om bord i ein båt. Ja det er ingen ting å gjere med det vi er berre små brikker i eit stort spel.”
Det var ein norsk offiser som skreiv dette på Hvalsmoen ved Hønefoss den 7. september 1943. Nokre veker før blei han saman med meir enn tusen andre norske offiserar sett i tysk krigsfangenskap. Nå blei dei sende til Tyskland der dei fleste blei verande internerte fram til krigen var slutt.
Tysk frykt for norske offiserar i motstandskamp
Bakgrunnen for interneringa var tysk frykt for at dei norske offiserane kunne engasjere seg i motstand mot okkupasjonsmakta. Etter at dei norske soldatane la ned våpena utover våren og sommaren 1940, skreiv dei fleste offiserane under på ei erklæring om ikkje å motarbeide den tyske okkupansjonsmakta. Likevel frykta tyskarane offiserane, og allereie vinteren 1942 blei drygt hundre norske offiserar arresterte og sende til internering i Tyskland.
Dei andre offiserane i Noreg framsto framleis som ein mogeleg trussel for tyskarane. I 1943 blei det forlangt at dei skulle fornye æresordet sitt frå 1940. Dei som nekta blei truga med arrest. I august 1943 følgde så tyskarane opp med å arrestere ytterlegare 1100 offiserar og sende også dei til Tyskland.
1100 offiserar internerte i leirane Schokken og Schildberg
Offiserane som blei internerte i Tyskland, blei i hovudsak plasserte i to forskjellige leirar der dei blei verande lenge. Dei fleste av dei som blei tekne vinteren 1942, blei samla i ein leir i Schokken. Der var det godt over100 norske offiserar i året 1942-43. Av dei som blei tekne i august 1943, blei om lag 350 plasserte i leir i Grune bei Lissa. På same tid blei også dei som hadde vore i Schokken i eit drygt år, overførte dit. Dei andre om lag 600 som blei tekne i august 1943, blei internerte i landsbyen Schildberg. Alle desse stadene låg i det nåverande Polen og leirane blei gjerne omtalte med nemninga ”Oflag XXI C”. I desember 1943 blei alle samla i Schildberg.
I løpet av 1944 blei dei aller fleste offiserane samla i Schildberg, til saman drygt 1100. Der blei dei aller fleste verande fram til januar 1945. Enkelte blei rett nok sende heim pga. sjukdom. Samtidig kom det nokre nye til. Sommaren 1944 blei for eksempel general Otto Ruge, som hadde site i tysk ”æresfangenskap” sidan 1940, overførd til Schildberg. Då nærma sovjetiske styrkar seg frå aust og tyskarane evakuerte offiserane til leiren Lückenwalde ved Berlin. Der blei dei så verande til krigen var slutt og dei kunne sendast heim.
Forholdsvis gode forhold i leirane
Norske eksilstyresmakter la vinn på å halde seg orienterte om kvar offiserane var og kva forhold dei levde under. Dei følgde dessutan opp med å organisere pakkesendingar m.v. I arkivet etter Den norske legasjonen i Bern kan ein nærmast frå veke til veke følgje med i interneringslivet til dei norske offiserane.
… Det hele er som en blanding av munkekloster, hytteliv, kaserne og så julekveld hver gang det kommer brev eller pakker...
Det var oberst Halvor Hansson som på denne måten skildra livet som internert i Schokken. Dei internerte offiserane hadde det som oftast bra i leirane. Dei blei gjennomgåande skikkeleg behandla av tyskarane og standarden i leirane var forholdsvis god. Dei levde sjølvsagt med ei stadig uvisse om kva som ville skje med dei. Til tider var også matrasjonane knappe, men dei fekk motta pakkar utanfrå med både mat og klede. Forholda for offiserane var langt betre enn for dei som sat i tyske tukthus og konsentrasjonsleirar. Dei fekk for eksempel tilsendt idrettsutstyr og musikkinstrument og mange bøker og kunne sysselsetje seg med ulike aktivitetar i leirane.
Strevsam evakuering vinteren 1945
Evakueringa til Lückewalde ved Berlin i januar 1945 var truleg den største påkjenninga dei norske offiserane var utsette for mens dei var i Tyskland. Reisa føregjekk dels til til fots og dels i kalde jarnbanevogner. Offiserane fekk ikkje ha med seg tilstrekkeleg med vintertøy og det var dessutan mangel på både mat og drikke på reisa gjennom det krigsherja Tyskland.
Den 21. april 1945 forlét tyskarane Lückenwalde som neste dag blei erobra av sovjetiske styrkar. Nå blei det ein del strid om heimsendinga av dei norske offiserane. Sovjet hadde frigjort dei og ønskte sjølv å stå for heimsendinga. Dei sette opp ei reiserute som skulle gå med tog til Murmansk og derifrå med transport inn i Finnmark som jo også var blitt frigjort av sovjetiske styrkar. Offiserane protesterte iherdig og det enda med at dei blei sende kortaste vegen via Danmark og så med båt til Oslo der dei fleste var på plass tidleg i juni månad.
Dette siste kapittelet i offiserane sitt Tysklandsopphald er inngåande dokumentert bl.a. i arkivet etter Forsvarets krigshistoriske avdeling som blir oppbevart i Riksarkivet. Når det gjeld informasjon om opphaldet i leirane finst det, forutan informasjonen i arkivet etter Den norske legasjonen i Bern, detaljerte oppgåver over pakkesendingar til offiserane i arkivet til Den norske raudekrossen. Riksarkivet har også fått avlevert ein del private samlingar med brev til og frå offiserane i den tida dei sat internerte. Her kan ein få inntrykk av korleis kvardagen arta seg både for offiserane og for dei nærmaste heime i Noreg. Sjølv om det tilgjengelege arkivmaterialet om dei internerte offiserane ikkje er særleg omfattande i volum, inneheld det likevel ganske god informasjon om fleire ulike sider ved interneringa i Tyskland.
Relevante arkiv i Arkivportalen
- Norges Røde Kors/Fc, nr 98
- Rikspolitisjefen, Fc Svenskearkivet, 280, sak nr. 406 II
- Forsvaret, Forsvarets krigshistoriske avdeling/Yf nr. 200-203, Norske offiserer i krigsfangenskap
- Norske offiserer i tysk fangenskap
- Sosialdepartementet, 2. trygdekontor S/D/132/2
- Utenriksstasjonene, Legasjonen i Bern, Sveits/ D/61/1