ENG
Knott_Fo30141711170017_352

Mange kjende produkt forsvann eller blei rasjonert. Ein måtte då finne alternativ, og nye produkt såg dagens lys. Bensinmangelen skapte til dømes marknad for tregassgeneratoren og drivstoffet knott til motorkjøretøy. NTBs krigsarkiv.

Nærings- og arbeidslivet i krigstida

Etter 9. april frykta både fagfolk og folk flest ei alvorleg økonomisk krise.

Noreg som var svært avhengig av eksport og import, var nå stengt ute frå dei viktigaste marknadene. Tyngslene tyskarane påførte norsk økonomi var større enn for dei fleste andre okkuperte land, målt i forhold til innbyggjartal. Men det blei inga økonomisk krise. Okkupanten sine enorme anleggsarbeid skapte stor etterspørsel etter arbeidskraft, varer og tenester. I staden for arbeidsløyse blei det mangel på arbeidskraft. Arbeidsmarknaden blei stengt og regulert og arbeidskrafta blei tvangsdirigert. Norsk næringsliv tilpassa seg tilhøva. På det økonomiske området var det få friksjonar mellom okkupert og okkupant.

Okkupasjonen tappa landet for ressursar og etterlét det med nedslitne produksjonsmidlar. Men norsk næringsliv kom ut av krigen både ordna og organisert og mykje av infrastrukturen tyskarane hadde bygd opp, kom til nytte i fredstid.