ENG
Rasjonering-1

Det gjaldt eigne rasjoneringsføresegner for okkupasjonsmakta. Kvotane var rausare og det var ein viss tilgang på luksusvarer. Som her eige kakekort til tyske Wehrmacht. RA/S-1317 Forsyningsdepartementet, 1. rasjoneringskontor/Rasjoneringskontoret D/L547.

Varemangel og rasjonering

Under krigen var det mangel på dei fleste forbruksvarer. Det var stopp på all import av varer frå dei landa Tyskland var i krig med. I tillegg rekvirerte den tyske okkupasjonsmakta mat og utstyr til eigne styrkar.

Rasjonering

For å sikre at dei varene som fanst blei fordelte og for å unngå hamstring, innførte styresmaktene rasjonering. Først vart sukker, kaffi og matmjøl rasjonert, seinare følgde alle importerte matvarer og dessutan brød, feitt, kjøt, egg, mjølk og mjølkeprodukt. Sommaren 1942 blei også grønsaker og poteter rasjonerte. Kvart hushald fekk eit rasjoneringshefte per familiemedlem. Dette var eit slags klippekort som gav rett til å kjøpe ei viss mengd av eit spesielt matslag. Rasjonane varierte etter alder og kjønn og var tilpassa spesielle behov for eksempel hos spedbarn, gravide og folk med hardt fysisk arbeid. Var ein sjuk og hadde legeerklæring på at ein hadde medisinsk grunn til spesialdiett, kunne ein til ein viss grad få ekstra rasjonar av spesielle matslag.

Det overordna ansvaret for administrasjon og gjennomføring av rasjonering låg under Forsyningsdepartementet. Det finst omfattande arkiv etter dette departementet. Det er hovudsakleg i 1. rasjoneringskontor/ Rasjoneringskontoret D og 2. rasjoneringskontor at ein finn kjelder til rasjoneringssaker. I førstnemnde arkiv finn du blant anna oversikt over alle variantar av rasjoneringskort. Her finst store mengder inn- og utgåande korrespondanse, søknader om ekstra rasjonar og førespørslar av ulikt slag og meldingar og rundskriv. I 2. rasjoneringskontor finst eit saksarkiv som omhandlar tildeling av rasjonerte varer til forskjellige kommersielle forbrukarar. Materialet er for det meste ordna etter bransje og alfabetisk på namn innan kvar bransje. Arkivet inneheld også korrespondanse med forsyningsnemnder og rasjonering til kommunar. Dette materialet er ordna fylkesvis.

Upraktisk og tungvint

Det var særdeles upraktisk og kravde mykje organisering å operere med rasjoneringskort. Ein måtte ha med seg korta overalt der noko skulle kjøpast. I butikken, på kafe eller restaurant fekk ein ingenting utan kort. Kvotane var geografisk bundne og ein kunne ikkje utan vidare ta med rasjoneringskorta til ein annan stad. Då måtte ein fyrst få påteikning frå den lokale forsyningsnemda. Skulle ein på gjesting til naboen, var det vanleg å ta med rasjonen sin. I arkivet etter 2. rasjoneringskontor kan du finne korrespondanse med dei lokale forsyningsnemndene om rasjoneringsspørsmål.

Varemangelen tiltok

Etter kvart blei mangelen på mat på den vanlege marknaden så stor at dei sparsame rasjonane ein hadde heller ikkje kunne fyllast. Kva hjelpte det med kjøtrasjon om det ikkje fanst kjøt å få kjøpt? Når det kom bod om at ein butikk hadde motteke eit parti av ei ettertrakta matvare, førte dette til stort oppbod av kundar og lange køar. Ein stor del av husmødrene sin kvardag var derfor prega av køståing i håp om å nå fram for å sikre den rasjonen ein hadde rett på. I NTB sitt krigsarkiv finst det mange illustrerande foto både av køar og andre fenomen relaterte til varemangel og rasjonering.

Det var stor mangel på tekstilar og det å skaffe seg eit nytt skjerf etter tjuveri var ikkje utan vidare lett. Behovet og truverdet til søkjaren måtte dokumenterast av vitne. RA/S-6129 Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Statens teaterdirektorat, serie Da, eske 29, mappe Finn Halvorsen.
Det var stor mangel på tekstilar og det å skaffe seg eit nytt skjerf etter tjuveri var ikkje utan vidare lett. Behovet og truverdet til søkjaren måtte dokumenterast av vitne. RA/S-6129 Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Statens teaterdirektorat, serie Da, eske 29, mappe Finn Halvorsen.

Relevante arkiv i Arkivportalen