ENG
Norske barn i familieforlegningen i Rättvik i Dalarne. RA:PA-1209:Uc:68:4:S 354

Norske barn i familieforlegningen i Rättvik i Dalarne. RA/PA-1209/Uc/68/4/S 354

Barndom

Fem år er ein stor del av ein barndom, og okkupasjonsåra har prega den generasjonen som levde viktige, formande år mellom 1940-45. Fleire arkiv kan fortelje oss noko om barndom under krigen.

Skulefrukost og suppeservering

Felles for mange barn var at kosthaldet blei dårlegare og mange blei også ramma av krigen på ein slik måte at dei blei hjelpetrengjande. Under og rett etter krigen blei det sett i gang organiserte tiltak frå ulikt hald for å sikre ernæringsmessig tilskot gjennom skulefrukostar og suppeservering. Dei barna som var hardast ramma blei hjelpte gjennom bidrag, fadderordningar og rekreasjonsopphald. Nasjonalhjelpen til de skadelidte distrikter/frihetskampens ofre var sentral i dette arbeidet. I arkivet etter denne organisasjonen vil du blant anna finne mykje om mat til barn, kuropphald i Sverige for sjuke barn, korrespondanse og informasjon om fadderskapsordning, opplysningar om hjelpetrengjande enkeltbarn og informasjon om situasjonen til sjømannsbarn.

Også Norske kvinners sanitetsforening og Den norske raudekrossen var aktive i arbeidet med å lette barna sine kår. Arkiv etter desse organisasjonane finst bevarte hos oss og du vil finne ulikt av interesse for situasjonen til barna ved å søkje i katalogane til dei einskilde arkiva. Danskehjelpa sine suppestasjonar var enda ein viktig bidragsytar når det gjaldt mat til norske barn under krigen. I arkivet finst det rekneskap, lister over skuleklassar og barnehagar og brev og teikningar frå norske barn.

I arkivet til legasjonen i Bern er det rapport om situasjonen i Noreg med fleire bilete av traktering av barn, utdeling av mat, barneteikningar og takkekort frå barn i Noreg. I arkivet til Den norske Relief-Central i Sverige finn du spesielt i eske 40 og 41 ein del informasjon om hjelp til barn i Noreg.

Ein del norske barn blei sende til Sverige straks etter krigen for å få behandling for sjukdom eller betra ernæring. (Norske kvinners sanitetsforening RA/PA-0379/U/L001)
Ein del norske barn blei sende til Sverige straks etter krigen for å få behandling for sjukdom eller betra ernæring. (Norske kvinners sanitetsforening RA/PA-0379/U/L001)

Barn sine eigne krigsopplevingar

Barns-krigsopplevelser

Hausten 1946 blei det arrangert ein stilkonkurranse med oppgåvetema ”Et minne frå krigen” og ”Da freden kom”. Initiativet kom frå Det norske totalavhaldsselskap og i arkivet etter denne organisasjonen finn vi oppgåvesvara. Det er hovudsakleg 7. klassingar som har svart, og vi får høve til å ta del i barna sine skildringar og tolkingar av opplevingar frå krigsåra og fredsdagen. Ofte er det dramatiske minne som har gjort sterkt inntrykk som blir fortalde. Bombeangrep og paniske opphald i tilfluktsrom, nedskotne fly og møte med plaga krigsfangar er blant emna. Somme fortel om uroa ved å ha nokon nær involvert i illegalt arbeid, redselen ved husundersøking og det å oppleve at far blei arrestert. Trass i at det ofte er dramatiske hendingar som blir omtalte, får vi også innblikk i element ved kvardagen til barna, dei daglegdagse gjeremåla og mat- og bustadsituasjon. Dei barna som valde temaet ”Da freden kom” fortel ikkje berre om den overveldande opplevinga av fred og fridom, men også om den krigskvardagen dei tilbakela i maidagane 1945.

Arkivportalen