Nytt arkivregelverk fører til færre tilsyn i 2025
Arkivverket førebur innføringa av eit nytt arkivregelverk. Overgangen til det nye regelverket inneber store endringar for tilsynsverksemda. For å prioritere arbeidet med implementering og rettleiing av det nye regelverket, vil talet på tilsyn i 2025 bli redusert.
I eit normalt år gjennomfører Arkivverket mellom 60 og 65 tilsyn. I 2025 planlegg vi derimot å gjennomføre 17 tilsyn. I motsetning til tidlegare, då me har ført tilsyn med heile regelverket, vil neste års tilsyn avgrensast til følgjande tema:
1) dokumentasjon på korleis tilsynsobjekta varetar arkivansvaret
2) kvalitetssikring av journalføringa i saks-/arkivsystem
Reduksjonen i talet på tilsyn skuldast fleire faktorar. Arbeidet med å sette seg inn i og implementere det nye regelverket krev innsats frå Arkivverket. I tillegg må tilsyn ført etter dagens regelverk tilpassast det nye regelverket når det trer i kraft. Dette er både tid- og ressurskrevjande.
Ved å redusere talet og omfanget av tilsyn frigjer vi ressursar til å utarbeide rettleiingsmateriell og støtte offentleg sektor i overgangen til det nye regelverket. Dette er ein del av vårt overordna mål om å gjere det enklare for verksemder å etterleve krava til arkiv og dokumentasjonsforvaltning.
Tilsyna som blir gjennomførte i 2025, skal vere ferdige i løpet av dei fire første månadene av året. Målet er at eventuelle pålegg kan utbetrast før regelverket trer i kraft.
Desse vil få tilsyn i 2025
Utvalde kommunar og fylkeskommunar
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Utvalde statlege verksemder
|
|