ENG
BERR0605

No opnar vi for søknadar om arkivutviklingsmidlar 2024

15 millionar kroner satt av til arkivføremål, og Arkivverket opnar no opp for søknadar frå sektoren. Søknadsfrist er 1. oktober 2024.

Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk tippings speleoverskot. I år er 15 millionar kroner satt av til arkivføremål, og Arkivverket opnar no opp for søknadar frå sektoren. Målgruppa for midlane er institusjonar som tek vare på og gjer tilgjengeleg arkiv frå privat og offentleg verksemd, dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvaltning og arkivfaglege interesseorganisasjonar.

Vi oppfordrar til samarbeidsprosjekt mellom søkarar innanfor målgruppa, og mellom søkarar innanfor målgruppa og andre relevante aktørar, til dømes utviklings- og forskingsmiljø og private aktørar.

I år er det mogleg å søke om midlar innanfor to programområde:

Ein innovasjonsarena for arkiv

Programområdet skal dyrke innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon ved å legge til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling – på område der det er naudsynt å tenke nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Innanfor dette området kan søkarar som ynskjer å teste, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing slå seg laus.

Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv

Programområdet skal legge til rette for sikring, ordning og katalogisering av både analoge og digitale privatarkiv. Føremålet er å bidra til at viktige privatarkiv i heile landet blir gjort tilgjengeleg for bruk gjennom publisering av kataloginformasjon.

 

Søk - og les meir om programområda og søknadskriteria her.