ENG
Omslag_stor

Lofthusoppreisten

Ny bok i serien Kildeutgivelser fra Riksarkivet: Lofthusoppreisten. Rettsmateriale frå kommisjon og høgsterett 1787–99. Utgitt ved Margit Løyland.

Lofthusoppreisten på Agder i 1786–87 var den til da største mobiliseringa av innbyggjarane under det dansk-norske eineveldet. Kristian Jensson Lofthus vart utpeikt som leiar og dømd til livsvarig fengsel, sytten andre arresterte og idømd bøter og ulike fengselstraffer.

Var Lofthus ein opprørar som truga det eineveldige statsapparatet, eller talsmannen som klaga på fellesskapets vegner? Kjeldene frå rettsoppgjeret gir innblikk i dramatiske hendingar. Sjølv om dei tiltalte bare kjem til orde gjennom avhøyr og det juridiske forsvarsapparatet, får vi i ettertid eit godt innblikk i det som skjedde.

Omslag_stor

Dette kjeldeskriftet inneheld sentrale delar av rettsoppgjeret etter Lofthusoppreisten. Boka blir publisert for alle som ynskjer å vite meir om kva som skjedde i deler av Noreg på slutten av 1700-talet.

Boka har innhaldsrike sak-, person- og stadnamnregistre, notar og ordforklaringar.

Lofthusoppreisten er fjerde bind i serien "Kildeutgivelser fra Riksarkivet". Serien er godkjend vitskapleg publiseringskanal. Kjeldeskriftkommisjonen er redaksjonsråd for serien.

Bestill boka frå Arkivverket: bokbestilling@arkivverket.no. Pris kr 250,-. Porto kjem i tillegg.