Foto: Arkivverket
Desse har søkt om arkivutviklingsmidlar
I år har det kome inn 75 søknadar om arkivutviklingsmidlar. Til saman er det søkt om i overkant av 47 millionar kroner.
Kvart år deler Arkivverket ut prosjekt- og utviklingsmidlar til arkivføremål. Midlane kjem frå speleoverskotet til Norsk Tipping.
Det var mogleg å søkje innanfor to programområde: «Ein innovasjonsarena for arkiv», som er fordelt på innsatsområda «Arkivspira» og «Arkivveksthuset», og «Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv».
Søknadane fordeler seg slik mellom dei to programområda:
| Tal på søknadar | Samla søknadssum | |
| Arkivspira | 23 | 26 892 360 | 
| Arkivveksthuset | 9 | 4 818 591 | 
| Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv | 42 | 15 242 807 | 
| Totalt | 74 | 46 953 758 | 
– Søknadene vitnar om stor vilje til utvikling og samarbeid i arkivsektoren, seier riksarkivar Inga Bolstad. – Det lovar godt for vidare arbeid med å ta vare på arkiva og gjere dei tilgjengelege.
I år er potten på 18 millionar kroner. Arkivverket er no i gang med å vurdere søknadane. Kva for prosjekt som får støtte, blir offentleggjort i desember.