ENG
_VB02067

Foto: Vegard Breie/Arkivverket

Arkivsektoren jobba godt gjennom koronatida

Medan landet var stengt ned som fylgje av koronapandemien, har arkivsektoren jobba godt. Det seier Riksarkivar Inga Bolstad, etter å ha lest Arkivstatistikken for 2021.

Arkivsektoren har digitalisert meir enn 16 millionar sider arkivmateriale sidan 2019, noko som er ein auke på 18 prosent frå før pandemien. Samstundes er meir enn 38 000 hyllemeter (nytt) arkivmateriale bevart, og 37 000 hyllemeter ordna og katalogisert.  

Færre vitjar lesesalane 

Tala på lesesalbesøk har minka med 41 prosent frå 2019. Nedgangen er ikkje overraskande med tanke på at dei fleste lesesalane har vore stengd i lange periodar. Ein ser også ein stor nedgang i tal på arrangement (- 81 prosent) og foredrag (- 68 prosent) frå 2019. Sjølv om det er tilgjengeleggjort svært mykje arkivmateriale på Digitalarkivet, har mange brukarar framleis behov for å få tilgang til arkiv som ikkje er digitalisert. I Arkivverket har ein oppretta “skanning på førespurnad” for å møte deira behov. Det er uvisst korleis andre bevaringsinstitusjonar har praktisert dette.  

Besøk på Digitalarkivet har stabilisert seg etter rekordåret i 2020 

På Digitalarkivet har talet på besøkande stabilisert seg etter rekordåret i 2020, men er framleis høgare enn før pandemien. Det høge talet skuldast truleg at mange framleis er interessert i folketeljinga som blei publisert i 2020, samstundes med at det stadig vert publisert meir arkivmateriale på nettstaden. Talet på institusjonar som gjer historiske arkiv tilgjengelege på nettstaden har auka frå 25 i 2019 til 38 i 2021. 

Fleire tilsette med nye oppgåver 

Talet på årsverk i arkivsektoren har auka noko dei siste åra, men ein ser ei dreiing i kva typar stillingar som kjem til. - Arkivsektoren har behov for ny kompetanse i arbeidet med digitalt skapt materiale, digitalisering og innovasjon i sektoren, så dette er heilt naturleg, meiner Riksarkivaren. Informasjonen som vert samla inn gjennom statistikken vil vere viktig for å studere endringar i arkivarprofesjonen og bevaringsinstitusjonane sine oppgåver. 

Private aktørar er framleis underdokumentert 

Privatarkiv er framleis underdokumentert i norske bevaringsinstitusjonar. Sjølv om det no blir tatt vare på 137 600 hyllemeter privatarkiv utgjer dette berre 21,6 prosent av alt arkivmateriale som blir bevart. Dei 403 digitale uttrekka som blir bevart frå privat sektor utgjer berre 9 prosent av alt digitalt skapt materiale som er bevart. - Her har sektoren ein stor jobb framfor seg, seier Bolstad.  

 

Les hele statistikken her (pdf lastes ned)

Om statistikken

Riksarkivaren har som oppgåve å hente inn årleg statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid.  Arkivstatistikken 2021 omfattar svar frå 152 institusjonar, 28 arkivinstitusjonar, 70 museum og 54 bibliotek. Svarandelen var i år på 94 prosent.