ENG
BERRE_mann med notatblokk

Arkivutviklingsmidlar 2024

Du kan no søke arkivutviklingsmidlar for 2024. Frist for å søke er 1. oktober.

Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk tippings speleoverskot. I år er 15 millionar kroner satt av til arkivformål. Arkivverket har no opna opp for søknadar frå sektoren. Drist for å søke er 1. oktober 2024.

Vi legg til rette for dialog i forkant av innsending av søknad. Ynskje om slik dialog sendast til Arkivverket ved e-post til utviklingsmidler@arkivverket.no

Det vil også bli avholdt eit søknadsseminar der Arkivverket vil fortelje om programområda og søknadskriteria, i tillegg til å gå igjennom søknadsskjemaet. Arrangementet er digitalt og vil bli avholdt fredag 30. august kl. 0930-1030. Det er ope for alle, og du loggar deg inn i møtet ved å trykke på denne lenka: (lenke kjem).

Ved tekniske problem eller dersom noko er uklart, ta kontakt med Sissel Eltvik Wang (siswan@arkivverket.no).

Trykk her for å søke midlar

Frist for å søke er 1. oktober 2024.

 

Målgruppa for arkivutviklingsmidlane er: 

  • Institusjonar som sikrar og tilgjengeleggjer arkiv frå offentleg eller privat verksemd
  • Dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvalting
  • Arkivfaglege medlems- og interesseorganisasjonar

Statlege verksemder som avleverer sine arkiv til Arkivverket kan i utgangspunktet ikkje søke. Det kan gjerast unntak for statlege verksemder som søker om midlar til prosjekt som vil ha stor overføringsverdi til resten av arkivsektoren. 

Vi oppfordrar til samarbeidsprosjekt. Vi oppfordrar også søkarar til å samarbeide med andre relevante aktørar, til dømes utviklings- og forskingsmiljø og private aktørar. 

 

I 2024 deler Riksarkivaren ut midlar innanfor to programområde. For begge programområda fattar Arkivverket vedtak etter ei heilskapleg vurdering. 

Alle søknadar vurderast etter følgjande kriterium: 

  • Om tiltaket er relevant i forhold til føremål for programma 
  • Om tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typer aktørar 
  • Om tiltaket fører til kompetanseheving i institusjonen 
  • Om søkar kan vise til ein realistisk prosjektplan og budsjett 
  • Forseinkingar som ikkje er avtalt, eller manglande rapport/rekneskap i tidligare saker kor søkaren har fått tilskot, vil bli vektlagt i vurderinga av søknaden. 

Det gis ikkje støtte til ordinær drift, og midlar skal i utgangspunktet heller ikkje nyttast til innkjøp av ikt-utstyr eller inventar. Det gis heller ikkje støtte til utvikling eller markedsføring av tenester med sikte på salg. 

Alle søkarar som får tilskot må levere status-/sluttrapport og kan bli bedt om å dele sine erfaringar med sektoren, t.d. på erfaringsseminar.

 

Fagområdet for dokumentasjonsforvaltning og arkiv har dei siste 20 årene vore prega av lite innovasjon og modernisering. Dette til tross for at arkivsektoren har eit stort behov for innovative tiltak for å forbetre kvaliteten på fleire felt knytt til både eksisterande- og framtidig kulturarv. Det gjeld både for dei offentlege og private arkiva. Men innovasjon og modernisering kjem ikkje av seg sjølv. Det krev tid og ressursar, og ein arena som opnar for læring, prøving og feiling. 

 

Innsatsområde 1.1: Arkivspira 

Arkivspira skal dyrke innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon. Innsatsområdet legg til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling i arkivsektoren kor det er naudsynt å tenke nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Arkivspira er tilgjengeleg for søkarar som vil teste, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing. Det gjeld for alle typar arkiv og for heile verdikjeden. 

Formålet med Arkivspira er å gi spelerom, erfaring, kompetanse og sjølvtillit på innovasjon. Ei forbetring og effektivisering i måten vi forvaltar, bevarar, gjer tilgjengeleg eller formidlar arkiv på vil vere eit pluss. Arkivspira opnar òg for søknadar til forprosjekt for større planlagde tiltak innanfor programområdet Innovasjonsarena for arkiv og dokumentasjon. 

Vi forventar ikkje at alle tiltak som får støtte leverer på målsettinga. Føremålet er den læringa, kompetansen og erfaringa som skjer i gjennomføringa av tiltaket. 

 

Krav til tiltaket: 

  • Maks 1 år 
  • Maks søknadssum kr. 250 000 
  • Søkar må levere ein kort læringsrapport, i tillegg til sluttrapporten

 

Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande: 

  • Tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typar aktørar 
  • Tiltaket har overføringsverdi til heile eller delar av arkivfeltet 
  • Tiltaket omhandlar håndtering av digitalt skapt arkiv 

 

Innsatsområde 1.2: Arkivveksthuset 

Tiltak som har fått støtte til- og gjennomført eit forprosjekt i Arkivspira, kan søke om støtte frå Arkivveksthuset til realisering av det planlagde prosjektet. Det er ein føresetnad at søkar har levert sluttrapport og/eller statusrapport frå forprosjektet innanfor tidsfristen. Tiltak som har gjennomført eit forprosjekt utanfor Arkivspira kan også søke. Føresetnad er at resultat frå forprosjekt leggast ved søknaden. 

Formålet med Arkivveksthuset er å bidra til at gode idear blir realisert. 

 

Krav til tiltaket: 

  • Maks 3 år - men kan berre søke for eit år om gongen 
  • Tiltaket må starte seinast 1 år etter at forprosjekt er ferdig 

 

Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande: 

  • Tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typar aktørar 
  • Tiltaket har overføringsverdi til heile eller delar av arkivfeltet 
  • Tiltaket omhandlar handtering av digitalt skapt arkiv 
  • Tiltaket har eigenfinansiering og/eller anna finansiering 

 

Til tross for mange initiativ og tiltak i sektoren, ligg framleis bevaring og tilgjengeleggjering av privatarkiv langt etter tilsvarande for dei offentlege arkiva. Verst er det for dei digitalt skapte arkiva, der under 10 % av bevarte uttrekk er frå privat sektor. Ein tredel av privatarkiva er ikkje ordna, og halvparten er utan publisert kataloginformasjon. 

Programområdet legg til rette for sikring, ordning og katalogisering av privatarkiv - både analoge og digitale. Formålet med programmet er å bidra til at viktige privatarkiv i heile landet blir tilgjengeleggjort for bruk gjennom publisering av kataloginformasjon. 

 

Krav til tiltaket: 

  • Maks 3 år – men kan berre søke for eit år om gongen 
  • Arkivkatalog må som hovudregel registrerast i Asta og publiserast på Arkivportalen. Andre nasjonale fellesløysingar kan også vere aktuelle, men vil vurderast i kvart enkelt tilfelle. 
  • Arkivet må forvaltast av ein bevaringsinstitusjon 
  • Arkivet må bli gjort tilgjengeleg for offentlegheita, så langt dette er mogleg

 

Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande: 

  • Tiltaket omhandlar sikring og tilgjengeleggjering av digitalt skapte arkiv 
  • Tiltaket er samordna med fylkeskoordinerande institusjon for privatarkiv 
  • Arkivet er i samsvar med regionalt- eller nasjonalt planarbeid 
  • Arkivet omhandlar underdokumenterte grupper eller minoritetar 
  • Arkivet står i umiddelbar fare for å gå tapt 
  • Arkivet har potensiale til å nå ut til nye brukergruppar 

 

Når du har registrert deg som søkar (sjå lenke i faktaboks over) vil du motta ein e-post som inneheld ei unik lenke til søknadsskjemaet ditt. Det betyr at du kan gå inn og ut av skjemaet så mange gonger du ynskjer heilt til søknadsfristen går ut. All informasjon du har gitt på ei side vil lagrast så snart du trykker på «neste side». Siden lenka er unik, anbefalar vi at du ikkje delar den med andre.

Du kan velge søknadsskjema på bokmål eller nynorsk. Bytt målform ved å trykke på «NB» (norsk bokmål) eller «NN» (norsk nynorsk) nedst på sida.

Når du trykker "Avslutt", vil søknaden din ferdigstillast. Du vil då motta ei kvittering som inneheld  to lenker. I den eine lenka vil du få moglegheit til å skrive ut ein kopi av den ferdig utfylte søknaden. Vi anbefalar at du ser over søknaden din ein siste gong. I den andre lenka vil du få moglegheit til å gå inn i søknadsskjemaet igjen for å endre opplysningane du har gitt i søknaden. Du kan endre i søknaden din heilt fram til søknadsfristen går ut 1.oktober. Arkivverket vil ikkje vurdere innsendte søknadar før søknadsfristen er gått ut.

 

Dette er lenker til PDF-versjon av skjema som kan lagrast lokalt eller brukast til å skrive ut ein papir-versjon av søknadsskjema.

Ikkje til utfylling! Trykk på lenka over for å registrere deg som søkar og få tilsendt ein unik versjon av søknadsskjema.

Merk at kopiane av søknadsskjema inneheld ein oversikt over alle utfyllingsfelt. I det elektroniske søknadsskjemaet vil del 3 vere ulik for søkarane til dei ulike programområda.