ENG
BERR9485

Tal og analyser 2023

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2023.

Spørjeskjema blei sendt ut til 157 arkivbevarande institusjonar i januar 2024. 150 institusjonar har avgitt svar; 28 reine arkivinstitusjonar, 53 bibliotek og 69 museum. I år har 96 % av institusjonane svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

Ved utgangen av 2023 var det totalt bevart nesten 5 500 arkivuttrekk og 670 000 hyllemeter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Arkivmaterialet kan stå tett i tett i luftlinje frå Oslo til Mosjøen (Ca 670 km). Det digitale materialet er på litt over 250 000GB, til ein auke på ca. 40 000 GB frå 2022. Dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane har fleire arkivuttrekk enn alle dei andre institusjonane til saman, heile 3 259 av totalt 5 439 uttrekk.

Total arkivbestand som er ordna og katalogisert utgjer 505 492 hyllemeter, det vil seie 75 % av total bestand, den same andelen som i fjor. Dei (fylkes)kommunale institusjonane har den desidert største tilveksten til arkivbestanden i 2023, på 16 524 av totalt 20 540 hyllemeter. Ordningsgraden på materialet er den same som i fjor, 75 %. Andre arkivinstitusjonar har den lågaste delen som er tilrettelagt for bruk med ein ordningsgrad på 67 %.

Det er generelt framleis mange museum og bibliotek som ikkje publiserer informasjon om arkiva sine på Arkivportalen. Det er også eit stort etterslep på publisering av informasjon om arkiva i (fylkes)kommunale arkivinstitusjonar, men delen som er publisert har auka jamt dei siste åra. I 2023 er 67 % av arkiva publisert på Arkivportalen.

Særs mange bevaringsinstitusjonar av alle typar tek vare på privatarkiv – i alt 145 av dei 150 som svarte tek vare på privatarkiv. Mange av desse arkiva er små, og den enkelte institusjonen har ofte ei lita mengde privatarkivmateriale. Det er framleis få institusjonar som har tatt imot digitalt skapte privatarkiv. Total bestand av privatarkiv er på 144 300 om ein reknar i hyllemeter.

Talet på institusjonar med arkivuttrekk frå private aktørar og mengda GB viser at bevaring av digitalt skapte privatarkiv ligg etter bevaringa av papirarkiv. Status i 2023 er at litt under ein tredel av arkiva (31 %) frå private aktørar ikkje er ordna.

Besøk på lesesal har dei siste åra gått ned. Men for 2023, er det ein ørliten auke frå 11 806 besøk til 11 865 besøk. Det er ein større auke i førespurnader totalt, frå 46 689 i 2022 til 52 349 i 2023. 

Bevaringsinstitusjonane har i 2023 samla sett tilsette som utførte 979 arkivrelaterte årsverk2, ein auke på 36 årsverk frå 2022. 851 av desse er arkivfaglege årsverk – ein oppgang på 54.

Som tidlegare år ber ein arkivinstitusjonane om å rapportere inn aktivitetar mot ålmenta. I samband med kommunesamanslåingane rapporterte dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane tidlegare om høg aktivitet innan rettleiing og kursverksemd. Under pandemien minka denne aktiviteten, mens den i 2022 tok seg opp igjen. I år ser vi ein nedgang i dagsverk knytt til synfaring, tilsyn og rettleiing, men ein auke i tal på kurs og tal på deltakarar i kurs.

Les Arkivverket si analyse av dei innrapporterte tala for 2023