ENG
BERRE 9384logo

Tal og analyser 2022

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2022.

Spørjeskjema blei sendt ut til 160 arkivbevarande institusjonar i januar 2023. 149 institusjonar har avgitt svar; 26 reine arkivinstitusjonar, 54 bibliotek og 70 museum. I år har 93 % av institusjonane svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

Last ned analyse og rådata for dei innrapporterte tala for 2022

Gjennom fleire år har den totale prosentdelen for arkiv som er digitalisert vore på ca. 3%. Med aukinga i digitalisering det siste året har denne verdien auka til 4%. Etter at Arkivverket starta samarbeidet med Nasjonalbiblioteket om å digitalisere arkiv for Arkivverket frå 2017 har det skjedd ein stor auke i talet på digitaliserte arkiv og dette er eit viktig utviklingstrekk i perioden frå 2017, der også andre arkivinstitusjonar og museum har auka innsatsen sin på digitalisering.

Ved utgangen av 2022 var det totalt bevart 5 030 arkivuttrekk og 645 525 hyllemeter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Arkivmaterialet kan stå tett i tett i luftline frå Kristiansand til Levanger (Ca 645 km). Mengda Gigabytes (GB) har gått litt ned frå 2021 men er likevel meir enn firedobla frå 2018 til 2022 og utgjer nå 211 467 GB totalt. Dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane har fleire arkivuttrekk enn alle dei andre institusjonane til saman, heile 2 948 av totalt 5 030 uttrekk.

Total arkivbestand som er ordna og katalogisert utgjer 484 193 hyllemeter, det vil seie 75 % av total bestand. Dei (fylkes)kommunale institusjonane har den desidert største tilveksten til arkivbestanden i 2022, på 14 127 av totalt 19 950 hyllemeter. Dei har likevel klart å auke noko ordningsgraden på materialet frå 70% i 2021 til 75 % i 2022. Fagbibliotek / dokumentasjonssenter har den lågaste delen som er tilrettelagt for bruk med ein ordningsgrad på 63 %.

Det er generelt framleis mange museum og bibliotek som ikkje publiserer informasjon om arkiva sine på Arkivportalen. Det er også eit stort etterslep på publisering av informasjon om arkiva i (fylkes)kommunale arkivinstitusjonar, men delen som er publisert har auka jamt dei siste åra. I 2022 er 64 % av arkiva publisert på Arkivportalen.

Særs mange bevaringsinstitusjonar av alle typar tek vare på privatarkiv – i alt 144 av dei 149 som svarte tek vare på privatarkiv. Mange av desse arkiva er små, og den enkelte institusjonen har ofte ei lita mengde privatarkivmateriale. Det er framleis få institusjonar som har tatt imot digitalt skapte privatarkiv. Total bestand av privatarkiv er på 139 883 om ein reknar i hyllemeter.

Talet på institusjonar med arkivuttrekk frå private aktørar og mengda GB viser at bevaring av digitalt skapte privatarkiv ligg etter bevaringa av papirarkiv. Status i 2022 er at litt under ein tredel av arkiva frå private aktørar ikkje er ordna, og det er berre publisert kataloginformasjon for 49 % av privatarkiva på Arkivportalen.

Besøk på lesesal har dei siste åra gått ned. Dette gjeld også for 2022, med nedgang frå 13 190 i 2021 til 11 806 besøk i 2022. Også talet på førespurnader har hatt ein nedgang frå året før, frå 63 852 til 46 689. Talet på utlånte arkivstykke har derimot hatt ein auke frå 34 896 i 2021 til 45 375 i 2022. Omkring 67 % av alle førespurnadane i 2022 gjeld eigedom eller dokumentasjon av rettar.

Bevaringsinstitusjonane har i 2022 samla sett tilsette som utførte 943 arkivrelaterte årsverk2, ein oppgang på heile 57 årsverk frå 2021. 797 av desse er arkivfaglege årsverk – ein oppgang på 54.

Som tidlegare år ber ein arkivinstitusjonane om å rapportere inn aktivitetar mot ålmenta. I samband med kommunesamanslåingane rapporterte dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane tidlegare om høg aktivitet innan rettleiing og kursverksemd. Dei siste åra har denne aktiviteten minka grunna pandemien, men i år ser vi at tala har gått opp att.

Det er og gledeleg å sjå at tala for bruk av ulike andre formidlingskanalar aukar. 92 % av arkivinstitusjonane melder at dei nyttar sosiale medium til å formidle til og kommunisere med omverda. 92 % nyttar også eiga nettside til formidling.