ENG
(bilde) EFORV Hoved BERR0315

Tal og analyser 2020

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2020.

Spørjeskjema blei sendt ut til 159 arkivbevarande institusjonar den 25. januar 2021. 150 institusjonar har avgitt svar; 28 reine arkivinstitusjonar, 52 bibliotek og 70 museum. I år igjen er det altså høg svarprosent - totalt 95 % av institusjonane har svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

Les Arkivverket si analyse av dei innrapporterte tala for 2020

 

Statistikk for arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum 2020 (.pdf)

Vi har også laga ein Power Point-presentasjon av tabellane og grafane - i excel-format, til fri bruk for andre i eigne foredrag og presentasjonar:

Presentasjon av tabellar og grafar 2020 (.ppt)

Ved utgangen av 2020 var det totalt bevart nesten 4 000 arkivuttrekk og 609 000 hyllemeter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Det historiske arkivmaterialet i norske bevaringsinstitusjonar kan stå tett i tett i ei rekke frå Oslo sentralstasjon til Steinkjer, og det digitale materialet er på i overkant av 155 000 Gigabytes. Total arkivbestand som er ordna og katalogisert utgjer 446 132 hm, det vil seie 73 % av total bestand.

Det er generelt mange museum og bibliotek som ikkje publiserer informasjon om arkiva sine på Arkivportalen.no. Det er også eit stort etterslep på publisering av informasjon om arkiva i (fylkes)- kommunale arkivinstitusjonar. Men delen som er publisert har auka jamt dei siste åra. I 2020 har publiseringsdelen auka til 61 % i snitt.

Særs mange bevaringsinstitusjonar av alle typar tar vare på privatarkiv – i alt 142 har svart at dei tar vare på privatarkiv. Men mange av arkiva er små, og den einskilde institusjonen har ofte ei lita mengde privatarkivmateriale. Total bestand av privatarkiv er på 134 796 om ein reknar i hyllemeter. Svært få har tatt imot digitalt skapte privatarkiv.

Status i 2020 er at litt under ein tredel av arkiva frå private aktørar ikkje er ordna. Meir alvorleg er at informasjon om berre 48 % av privatarkiva er tilgjengeleg på Arkivportalen.no.

Tala på lesesalsbesøk syner også i 2020 ein nedgang. Til forskjell frå tidlegare år, kan mykje forklarast med koronaviruset og nedlukkinga som følgje av det. Førespurnader skil seg her ut, og til forskjell frå dei seinaste åra, har det vore ein auke på 3 725 førespurnader frå føregåande år.

Ser ein på bruk og besøk i Digitalarkivet, fortsett den positive tendensen i kor mange som besøker nettstaden. I 2020 viser talet på besøk heile 7,4 millionar, som er ein auke på 1,2 millionar besøk. I 2020 var det heile 1,6 millionar unike brukarar som besøkte Digitalarkivet.

Bevaringsinstitusjonane hadde i 2020 ei bemanning på 872 arkivrelaterte årsverk. Arkivinstitusjonane har samla set hatt ein liten nedgang i både tal på arkivrelatere årsverk og i tal på arkivfaglege årsverk frå 2019. Musea og biblioteka rapporterer samla å ha rundt 105 arkivfaglege årsverk. I gjennomsnitt utgjer dette likevel berre 0,9 arkivfaglege årsverk per bibliotek eller museum.

Dersom du er interessert i å sjå meir på dei innrapporterte tala, kan du laste ned ein samletabell som gir ei enkel og utskriftsvenleg oversikt. Du kan også laste ned rådata.

 

 

Ved å trykke på "åpne-lukke-fanene" under kan du også få enkel tilgang til kvar enkel institusjon sitt unike svar:

Fagbibliotek/dokumentasjonssenter
Arne Bjørndals samlinger; universitetet i Bergen (Ikkje svart)
Norsk polarinstitutt, biblioteket (Ikkje svart)
 
Folkebibliotek
Kvæfjord folkebibliotek (Ikkje svart)
Sola folkebibliotek (Ikkje svart)
Spydeberg bibliotek (Ikkje svart)
 
Lokalhistoriske arkiv/samlingar
Lokalhistorisk arkiv i Vinje (Ikkje svart)
Nore og Uvdal bygdearkiv (Ikkje svart)
Sauda lokalarkiv (Ikkje svart)
 
Sunnhordland museum (Ikkje svart)